Første søndag i advent byr Brandalskoret inn til julekonsert i Hareid kyrkje. Musikkutvalget har i samråd med vår dirigent Ingrid Remø, plukka fram 14 perler med julemusikk. Repertoaret inneheld alt frå norske julesongar og folketonar frå fleire land, til klassiske stykker av Max Reger, John Rutter og Gabriel Faurè. Vegen fram til Betlehem går som ein raud tråd gjennom repertoaret.

Vi vil også ha fleire musikara ilag med oss på piano, bass, fløyte, trompet og slagverk. I tillegg til solistar frå eigne rekkjer, er vi også so heldige å ha fått med oss Truls Håbakk til å toppe forestillinga. For å gi deg den rette opplevelsen av konserten har vi engasjert dyktige lyd- og lys teknikara.

Vi ynskjer å dele disse fantastiske tonane av våre kjære julesongar, kjende storverk og til og med amerikanske svisker med publikum.

Biletet er frå øvingshelga vår i slutten av september. Ikkje mykje som minte om jul då, men no nærmar vi oss med stormskritt, repertoaret blir meir og meir aktuelt.

Ber om at du set av søndag 3. desember til eit besøk i Hareid kyrkje. Vi gler oss til å glede deg!

PS. Om du ynskjer ein liten smakebit av konserten, skal vi ha en liten minikonsert på Eurospar Hareid kl 14.00 laurdag 02.12.17