Rektor ved Ulsteinvik barneskule, Vegard Sæter Gurskevik, rosa elevane på tredje trinn for framsyninga dei leverte for medelevane på skulen torsdag. Etter framsyninga var over vanka det trampeklapp frå medelevane og lærarane. Og om ikkje julestemninga var på plass frå før, ja så kom den nok for alvor etter dette.

Det blei ein travel dag for dei fire 3. klassene ved skulen, då dei fyrst skulle køyre éi framsyning på morgonen og éi for medelevane på formiddagen. Til slutt skulle foreldra få sjå borna sine på kvelden. Men, det var inga sak. Også underteikna kjenner ekstra på julestemninga etter denne flotte framsyninga.

– Dette var proft. De song med flotte og klåre røyster, og de var veldig flinke til å fortelje. Takk for ei flott framsyning, og takk også til alle dei vaksne som har jobba med dette, sa rektor Vegard Sæter Gurskevik til tredjeklassingane.

Prøysen-magi

I løpet av ein god halvtime fekk ein eit spanande innblikk i verda Alf Prøysen skapte gjennom boka «Snekker Andersen og Julenissen». Det kjende og kjære eventyret der ein heilt vanleg snikkar kolliderer med sjølvaste julenissen, og dei to blir einige om å besøke kvarandre sine familiar.

Krydra med flott song og små, finurlege videosnuttar var det alt i alt ei flott ramme kring framsyninga til tredjeklassingane.

Primus motor for framsyninga, og kontaktlærar for ei av klassene, Øyvind Grimstad Hagen, rosa elevane.

– For mange elevar er det ein stor terskel å skulle stå på ei scene. Her har vi spelt inn snuttar på førehand, i tillegg til at elevane så syng mellom innslaga. Alt i alt vart dette veldig bra, seier han.