Det møtte fram mykje folk i Åsendalen i Hareid for å få med seg tenning av den store julegrana. Hareid skulekorps spelte flott julemusikk og det danna seg fleire ringar rundt treet. Dei frammøtte gjekk rundt treet og song.

Det var framleis snø i parken, så mange born nytte høvet til å renne seg, byggje snømenn og anna moro ein kan gjere i snøen.

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge heldt ein appell om kvifor me feirer jul. Ein del born stilte seg spontant opp med henne og vart delaktige i appellen. - Kva gjer ein til ein som har alt?, spurte Berge. - Ein klem, svara borna.

Andre-, tredje- og fjerdeklassingar frå Hareid skule song "En stjerne skinner i natt".

Her var også peparkaker og gløgg å varme seg på. Og nissen kom med klementinar og karamellar.

Det trivelege stunda vart avslutta med eit fakkeltog til Hareid kyrkje, der det var framføring av eit julespel.