Det er ein etter måten roleg og avbalansert figur vi møter i "Kjellen" sin nye julemusikkvideo som vart sleppt på YouTube onsdag. I ein heilt fersk julesong, "Fred og ro", skildrar han jula slik den gjerne artar seg på Sunnmøre, med høljeregn og vanskar med fordøyelsen.

- Her har eg satt ord på mange av dei utfordringane som eg og mange andre møter midt i julestria og tida fram mot jul. Dette er å rekne som den viktigaste julemusikken sidan Dizzie Tunes si juleplate frå 70-talet, fortel Kjellen i ei pressemelding.

Ubeskjeden som han er, hevdar han vidare at "Fred og ro" på ingen måte står tilbake for andre juleklassikarar som til dømes "White Christmas".

- Heller snarare tvert i mot, avrundar han.

Det er Ørjan Liavåg og Thomas Ryste som har skrive den nye julesongen.