Fleire måtte finne seg ein plass på sidebenkane i kyrkjerommet torsdag kveld, då det var ei fullsett kyrkje som venta spent på heimkomsten til ein av Ulstein sine store sonar i moderne tid.

Bror Magnus Tødenes er berre 24 år gammal, men har alt etablert seg som ein tenor i verdsklasse, med oppdrag over heile kloden. Under sin fyrste konsert i Ulstein kyrkje på fire år, og denne gongen hans heilt eigen konsert, synte Bror Magnus prov på kvifor han er spådd ei lysande karriere på verdas største scener for klassisk musikk.

Allereie i opninga av konserten var gåsehudfaktoren høg. Fyrste vers av «Det hev ei rose sprunge» song Bror Magnus utanfor sjølve kyrkjerommet, i våpenhuset, men stemma var klar og fin fordi om. Han kom så inn, gjekk gjennom skipet og fram mot koret, der han stilte seg opp ved sidan av sin eminente pianist Hallvard Fremstad.

Applausen etter fyrste song steig i takt med smilebanda til Bror, som heilt tydeleg blei rørt av responsen til heimepublikummet.

Dediserte song til «Tutta»

Han følgde så opp med «Tonerna», dei to Edvard Grieg-verka «En svane» og «En drøm», og «Ideale». Så kom nok konsertens høgdepunkt for fleire, «The Old House». Denne songen dediserte han til avdøde Inger Johanne «Tutta» Storhaug, ein av naboane hans under oppveksten i Selvåg.

– Ho har støtta meg heile vegen, og ønskte alltid å kome på konsert. Ho skulle vore her no, sa ein rørt Bror Magnus.

Etter «The Lost Chord» tok Tødenes seg ein velfortent pust i bakken, medan Hallvard Fremstad serverte publikum ein god porsjon julestemning ved å spele ein pianoversjon av «Tre nøtter til Askepott».

«Ave Maria» og meir gåsehud

Då Bror Magnus kom ut igjen frå sakristiet var det klart for eit anna stort høgdepunkt i konserten. Med enorm innleving og truverd framførte han «Ave Maria».

Så gjekk han over til «Adeste Fideles», før han drog i gong kveldens fyrste allsong på «Å, kom nå med lovsang».

Kantor i Ulstein sokn, Ståle Helvig, leste så ein tekst frå Bibelen, før det blei allsong igjen på «Mitt hjarte alltid vankar». Julestemninga steig nok betrakteleg hos dei fleste tilhøyrarane i salen då Bror Magnus framførte «Jul, jul strålande jul». Etter «Panis Angelicus» kom «Giv mig ej glans» frå Jean Sibelius sin «Five Christmas Songs», før Georg Friedrich Händel-verket «Comfort ye my people» var neste song ut.

Om ikkje publikum var begeistra nok frå før, så nådde konserten sitt høgdepunkt med det nest siste stykket.

Magne kjenner nok Bror Magnus Tødenes best gjennom hans tolking av «O helga natt», og det var også siste songen han framførte for kvelden. Men, det var altså nest siste songen som fekk den allereie fantastiske stemninga i kyrkja til å løfte seg til trampeklapp-nivå.

For den tekniske dugleiken og det store tonerepertoaret som bur i Bror Magnus kom verkeleg til syne i nok eit Händel-stykke, «Evry Valley Shall Be Exalted».

Underteikna, og sikkert mange andre i salen, måtte nesten klype seg i armen over at ein fekk vere vitne til ei slik framføring. Gjennom dette eine stykket presterte Bror Magnus å bringe Wiener Staatsoper og Operahuset i Oslo inn i Ulstein kyrkje. Ei mektig oppleving, og eit definitivt prov på at framtida til Bror Magnus Tødenes er lys. Konserten blei avslutta med allsong på «Deilig er jorden».