Fann julero i Krukkehuset

Frå slutten av november har det igjen vore liv i Krukkehuset. Laurdag vart siste opningsdagen for denne gong markert med julesongstund.
Kultur

Målarklubben Fargeleik og fleire brukskunstnarar har sidan siste helga i november skapt nytt liv i Krukkehuset i Ulsteinvik.

Det ser ut til å ha vore eit populært tilbod.

Bjørg Hofseth og Kristin Nytun Moldskred fortel at det har vore godt besøk alle dei fire laurdagane Krukkehuset har vore ope, og at det ikkje tok lang tid før heile huset vakna til liv.

– I utgangspunktet var planen å berre bruke kjellaren, men her er så mange engasjerte og dyktige damer at det raskt spreidde seg til heile huset, fortel Nytun Moldskred.

Også laurdag var det mykje aktivitet, frå loft til kjellar, med både juleverkstad, sal av brukskunst, samt ei koseleg julesongstund.

Der kunne ein la juleroa senke seg og puste ut i julestria, og sjølv ikkje eitt og anna straumbrot kunne legge ein dempar på stemninga.

Vil hjelpe andre i førjulstida

I Krukkehuset trefte også lokalavisa nokre engasjerte jenter som ønskte å gjere ein innsats for andre i tida før jul.

Lykke Sofie Mork Jakobsen, Andrea Haugen, Hermine Langøy Westre, Marit Krakset, Alma Nytun Moldskred, Gerda Åsland Vattøy Riise og Johanne Dimmen Gjerde samla nemleg inn pengar til Liam Rønnestad.

5-åringen frå Ålesund har spinal muskelatrofi (SMA) og det er starta ei innsamling for å betale for medisinen Spinraza, som skal gje svært god effekt, men som er svært dyr.

Marit Krakset og Andrea Haugen viste lokalavisa litt av det jentene har heldt på med.

– Vi har mellom anna samla inn og selt brukte leiker, fortel jentene, som også var i sving under julemarknaden på Hakallegarden sist helg. I tillegg har dei arrangert lotteri.

På det viset har dei flinke jentene samle inn fleire tusen kroner til innsamlingsaksjonen.

– Vi håpar å samle inn så mykje at han skal få medisin så raskt som råd, fortel Marit og Andrea.

Dei to tok med lokalavisa på ei lita omvising i Krukkehuset, der dei mellom anna viste fram utstillinga med brukte leiker dei har for sal.

– Vi synest det er trist når folk er sjuke, og hadde lyst til å hjelpe til, forklarer dei.