Harald Zwart si filmatisering av Jan Baalsrud si dramatiske flukt frå den tyske hærmakta under den andre verdskrigen, "Den 12. mann", har oppnådd gode besøkstal etter premieren 25. desember. På landsbasis har over 107.000 sett filmen i løpet av dei tre første dagane han vart synt.

Også ved Sjøborg kino i Ulsteinvik har dette vore ein populær film.

- På dei fem visningane vi har hatt til no i jula, har det vore stappfull sal, seier kinosjef Kristine Brungot. Dette betyr at filmen har vore sett av 600 personar ved kinoen.

Det er også nesten fullt til framsyninga i kveld, fredag. Deretter er filmen sett opp frå måndag 1. januar og fram til tysdag i neste veke, den 9. januar.

- "Den 12. mann" kjem til å gå så lenge folk vil sjå den, seier Brungot. Sjølv tykkjer ho at historia i filmen er godt fortalt og er spennande.

- Regissøren har funne ein fin balanse, så filmen appellerer på tvers av generasjonane, meiner ho.

Kinoen må tilbake til hausten 2016 for å finne ein film som kan hamle opp med "Den 12. mann" når det gjeld besøkstal. Dette er også ein film med handling frå den andre verdskrigen, nemleg "Kongens nei".

- Det er så mange historier, fortalte og utfortalte, frå den andre verdskrigen, seier Brungot, som allereie 12. januar kan presentere noregspremieren på ein annan film med handling frå krigsåra, nemleg storfilmen "Darkest hour", der vi møter Gary Oldman i rolla som sjølvaste Winston Churchill.