Fellesfyrverkeriet på Hareid nyttårsaftan vart ei pangavslutning på hundreårsjubileet til kommunen. Klart og nydeleg vintervêr gav ypperlege tilhøve for fyrverkeri nyttårsaftan.

Fyrverkeriet vart skote opp klokka ti på kvelden av Engelsrud NFI pyrotechnics AS.

Fyrverkeriet var eit spleiselag mellom kommunen, næringsliv og privatpersonar. Mange vart imponerte over det flotte fyrverkeriet og signaliserte at dette må dei få til fleire gonger på Hareid.