Onsdag 14. februar kjem Paal Flaata, Stephen Ackles og Vidar Busk til Ulsteinvik for å halde konsert.

Over 40 år etter Elvis Presley gjekk bort er interessa for musikken hans framleis stor. Elvis var mykje meir enn Rock`Roll. Han gjorde det også stort innan gospel. Alle dei tre Grammy-prisane han fekk var for utgjeving av gospel-album.

Ein hyllest til Elvis

I januar 2016 var det premiere på "En storslått hyllest til ELVIS", der Paal Flaata, Stephen Ackles og Vidar Busk (FAB 3) presenterte ein konsert som skulle hylle Elvis i høve at det var 80 år sidan han vart født.

Saman med eit ensemble på 10 musikarar og koristar innleia dei ein turné. Tanken var at dei skulle halde 10 til 15 konsertar, men mottakinga var så god frå publikum og presse at dei no har halde over 110 konsertar.

No i januar 2018 har dei klar ein oppfølgjar-turné, der dei har planlagt 80 konsertar. Denne gongen er det nettopp gospel-musikken til Elvis dei vil hylle.

Syng med Con Moto

Onsdag 14. februar kjem altså turen til Ulsteinvik og Ulstein kyrkje. Con Moto skal medverke på fleire av songane.