- Det er eit kjempeartig konsept. Eg har hatt den store gleda av å jobbe saman med dei drivande dyktige folka som står bak dette konseptet. Heilt ærleg, eg har ikkje vore med på liknande. Dette er folk som jobbar så ned på detaljnivå under opptaka at eg nesten blir tullerusk av heile greia. Ingenting er overlate til tilfeldigheitene, seier Fredrik Steen til Vikebladet Vestposten.

"Match" er produsert av Ape & Bjørn for NRK, og det er Martin Lund som ifølgje Steen skal ha mykje av æra for at serien har blitt slik den blei.

- Det er Martin som er hovudmannen bak konspetet. Han har då også hatt regien på halvparten av episodane. Av alle eg har jobba med er han faktisk den som har lært meg med om skodespelarfaget. Filmsettet eg var ein del av var også profesjonelt til fingerspissane, og ein utruleg kjekk gjeng. Alle hadde godt humør, noko som smitta over på sjølve produksjonen. Eg er veldig nøgd med korleis dette blei, og håper at også folk der heime ønskjer å sjå serien, seier Steen.

Det kan også vere at nokon kjenner igjen konseptet frå barne-TV. "Match" er nemleg å rekne som vaksenversjonen av "Kampen", som har vore eit særs populært innslag på NRK Super. Ein følgjer framleis karakteren "Stian", men no har han blitt vaksen. I samband med dette dukkar det naturlegvis opp ein del utfordringar og situasjonar, som blir kommentert av Steen og Lund.

Martin Lund var også ein av dei to kommentatorane i kommentatorboksen i "Kampen". Forskjellen er altså at det no er Steen som har rolla som hans sidekommentator.

Får toppkarakter i VG

Dei fyrste reaksjonane på serien, som no ligg tilgjengeleg på NRK sine nettsider og som har TV-premiere 9. januar, har alt kome. Verdens Gang (VG) sin meldar gir serien ein klar seksar.

- Hysterisk og virkelig originalt morsomt om hverdagens kamper, skriv meldar Tor Martin Bøe.

Han rosar også Steen opp i skyene.

- Steen snakker kommentatorspråket flytende og utviser fantastisk og voldsomt engasjerende faktekunst. Til og med blikkene mens han observerer «spillet» er henrykkende, omsorgsfulle og medrivende oppøsende. Sunnmøringen kunne skapt flammende entusiasme rundt både bussventing, potetskrelling og panteautomater. Send ham gjerne til OL, skriv Bøe.

- Eg er veldig glad for at eg fekk denne rolla. Eg sat i kjellaren min og laga sjølvfietape og sende inn. Heldigvis fekk eg rolla, seier Steen.

Fast jobb

Fredrik Steen har gjennom ei årrekke vore kjent som ein underhaldar, og for oss her heime er han nok utvilsamt mest kjent som Hildegunn frå duoen Hildegunn og Leif Per, der sistnemnde var tolka av hjørungavågaren Ørjan Liavåg. Han har jobba mykje i hovudstaden, og flytta til Oslo for fem år sidan.

- Her har eg eigentleg stadig vekk noko på gang, og eg har gjort mykje forskjellig. Både smått og stort. Det har blitt mykje stemmelegging til karakterar i animasjonsfilmar og TV-seriar. Så har eg også gjort mykje standup heile vegen.

No har han også sikra seg fast jobb.

- Eg har fast arbeid i reklamebyrået Heads and Tales, og det er faktisk fyrste gong på lenge eg har noko fast. Eg tenkte det var på tide. Med små born er ikkje det å reise land og strand rundt så veldig aktuelt. Oslo er basen min no, og eg trivast godt med livet her nede, seier Steen avslutningsvis.

Her er ein av fleire hysterisk morosamme situasjonar i TV-serien, der Fredrik Steen og kommentatorkollega Martin Lund kommenterer livet til karakteren "Stian". Foto: Ape & Bjørn/NRK.