Kulturåret i Ulstein si storstove startar med ein jazzkonsert av dei sjeldne og Club Sjøborg, fortel kinosjef og kulturkonsulent Kristine Brungot.

Saxofonisten Tore Brunborg (kjent fra Masqualero, Manu Katche) og bassisten Steinar Raknes (Stillhouse, Ola Kvernberg Trio) kjem nemleg til kulturhuset, og skal framføre frå det fyrste albumet dei har laga saman, Backcountry, der dei har fusjonert sine musikalske verder.

Det kan også nemnast at Musikklaget ULF og Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps nok ein gong er klare for nyttårskonsert. Den finn stad på Sjøborg Kulturhus neste helg. For laurdag 13. januar går den tradisjonsrike nyttårskonserten av stabelen for 18. gong.