– Dette er fyrste gongen Hareid blandakor arrangerer ein slik jule- og nyttårsfest. Det har vore liknande arrangement tidlegare også, men dette var den fyrste der vi står bak. Eg er godt nøgd med korleis dette blei, og at så mange tok turen for å vere saman med oss, seier leiar i Hareid blandakor, Signe Bjåstad, til Vikebladet Vestposten.

Ho meiner det er viktig å få folk til å kome saman.

– Det var godt å kome saman. Så var vi så heldige at vi fekk samla saman mange dyktige folk, slik at programmet blei veldig bra.

Sang, musikk og juleminne

Med seg hadde blandakoret Grimstadkoret, Gollj og Gråstein samt mange andre aktørar.

Fyrst ut var Hareid blandakor sjølve, med dirigent Kjell Grimstad i spissen. Dei song to gamle julesongar, «Det hende i nattstille stunder», med tekst og arrangement av Johan H. Grimstad, og «Wild Shepard», ein «engelsk song med svensk tekst», som Kjell Grimstad passa på å fortelje frå scenekanten.

Men det skulle kome meir program. Harald Grimstad leste fleire fine dikt, før Grimstadkoret kom på scena.

Grimstadkoret song den norske versjonen av «Greensleves», «Kven er den vesle», med arrangement av Johan H. Grimstad, før dei song Max Reger sin udøyelege «Marias voggesong».

Så var det klart for eit heilt spesielt innslag. Ingfrid Grimstad skrudde på meisterleg måte tida tilbake til sin barndom, og fortalde levande om ventinga på den store julekvelden og ei rekkje andre juleminne. Grimstad gjorde seg også fleire tankar kring korleis jula og julekvelden har endra seg gjennom dei siste åra 30–40 åra. Eit herleg innslag der ein følte ein sat blant familien Grimstad i Ivergarden og venta på den store julekvelden.

Så var det klart for flott song igjen, frå Lene Veiseth. Ho blei akkompagnert av Svenning Veiseth på piano. Han spelte så eit solonummer like etterpå, Johann Sebastian Bach sitt ikoniske meisterverk «Air».

Etter ein god matpause var det klart for fantastisk korsong frå mannsgruppa «Gollj og Gråstein». Grimstadkoret avslutta så konserten med to nye songar.

Det var alt i alt ei flott stund, med mykje varme, flott song og musikk, og velsmakande kaker.

Hareid blandakor: Med dirigent Kjell Grimstad i spissen song arrangørane Hareid blandakor to gamle julesongar; «Det hende i nattstille stunder» og «Wild Shepard». Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll
Grimstadkoret: Det tradisjonsrike koret held koken, og imponerte med stor stemmeprakt på Hareid bedehus. Her song Arild Grimstad solo. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll