For Mikkel Skorpen blir dette første møtet med Nyttårskonserten i Ulsteinvik, medan Langvik også var solist under fjorårets konsert.

Du vart ikkje skremt vekk av korpsmusikken?

– Nei, på ingen måte. Som gamal korpsmusikar vart eg heller inspirert. Det var nok heller omvendt, at det var dei som inviterer meg tilbake som ikkje lét seg skremme, smiler Langvik.

Kva var ditt instrument i korpset?

– Trompet. Det høyrer du når eg syng, ler Langvik før han tutar som i eit litt surt blåseinstrument utover rommet.

Ventilolje og smørefett

Lokalavisa møter den opplagde barytonen Langvik, saman med tenoren Skorpen, på Sjøborg før siste prøve. To konsertar er meir eller mindre utselde, og sjølv om songarane ikkje opptrer så ofte saman med korps, så kjenner dei seg heime saman med HDU og ULF.

– Lukta av ventilolje og smørefett bringar meg tilbake, fortel 42-åringen frå Larvik.

Langvik var innom Ulsteinvik for å øve saman med korpsa måndag denne veka. Då visste ikkje Mikkel Skorpen at han skulle vere med.

Kort varsel

I utgangspunktet var det nemleg Marius Roth Christensen som skulle synge saman med Langvik, HDU og ULF, men dessverre måtte han melde forfall grunna sjukdom.

– Det er ikkje så mange dagane sidan eg vart tilbode å springe inn her. Det vart vel offisielt på onsdag, så då var det berre å nilære seg Marius sitt repertoar og få alt på stell, fortel Skorpen.

Har det gått greitt å kome inn i det på så kort tid?

– Ja, det har eigentleg det. Ein blir litt ”on edge” sidan ein ikkje hadde alt repertoaret innanfor huda, men det har gått veldig fint og vi har hatt fine øvingar, så eg trur det går veldig bra, fortel Skorpen.

Konsentrert energi

Medan HDU og ULF kan øve så mykje dei maktar til desse konsertane på eiga hand, så blir det gjerne ikkje meir enn eitt par dagar saman med solistane.

– Dermed er det ein del som blir overlate til den positive energien som blir skapt når det er publikum og full konsentrasjon. Det trur eg også er med på å skape den litt spesielle forma og stemninga, som eg merka veldig godt då eg var her i fjor. Eg trur også vi skal få til det i år, å skape ein konsentrert energi som gir noko heilt spesielt. Det kjenner ein veldig godt på her, fortel Espen Langvik.

Som nemnt har han spelt trompet i korps, og også hatt nokre samarbeid med Nanset Blåseensemble. For Skorpen sin del blir Nyttårskonserten hans første profesjonelle oppdrag som songar saman med eit korps.

– Eg har gjort det ein gong tidlegare, men det blir første gongen etter at eg vart profesjonell songar. Samstundes spelte eg saksofon i korps i ti år, så eg kjenner godt til korpsmiljøet og trur dette blir veldig kult, Spesielt saman med eit så dyktig korps, seier tenoren.

Sjølve programmet vil ikkje dei to røpe for mange detaljar frå, men Langvik lovar publikum både operaperler, karamellar frå operalitteraturen, samt nokre ”guilty pleasures”.

– Litt sånne ting ein kan gjere her, men som vi ikkje får gjort så mykje elles, smiler han.

Kaldt ute, varmt inne

Nyttårskonserten er eit tidleg, og ikkje minst stort høgdepunkt i løpet av kulturåret i Ulsteinvik. Espen Langvik fekk ta del i det også i 2017, medan Mikkel Skorpen får prøve for første gong laurdag kveld. Ute skin sola på ein fantastisk flott vinterdag, men når musikarane og songarane gjer seg klare til første konsert vil nok utetemperaturen vere av den kjølige sorten. Slik blir det ikkje inne på Sjøborg.

– Ute er det kaldt, men vakkert. Det kalde er likevel ikkje å spore der inne, seier Langvik og peikar mot kultursalen.

– Der er det så mykje varme og så mykje glede. Eg trur det er bra å starte året på ein bra måte. I korpsbevegelsen som elles er det flest kvardagar. Det å ha noko godt å sjå tilbake på frå no til marssesongen og det som kjem seinare, det trur eg er bra. Noko å mimre tilbake til når ein sit inne i gymsalar eller kvar dei no øver for å bli klare til mai, legg Langvik til.

Far frå Moltustranda

Det er to austlendingar som står framom storkorpset på Sjøborg laurdag kveld. For Skorpen er det likevel litt som å kome heim, når han no skal synge i Ulsteinvik.

– Eg er halvt sunnmøring. Faren min er frå Moltustranda og bur delvis i Ulsteinvik. Eg er ein del på Sunnmøre og har ei sterk tilknyting til området. Det gjer det litt ekstra kult, at eg kan kome hit for å opptre litt her ”heime”.

I 2017 var det Caroline Wettergreen som hadde solistrolla saman med Espen Langvik. Med Skorpen som medsolist denne gongen får ein litt andre moglegheiter.

– Eg synest det er bra at det ikkje er den same kombinasjonen kvar gong. Då kan det fort bli mykje av det same. To gode herrestemmer gjer at ein kan ha litt andre repertoarval og moglegheiter, og vi er velsigna med nokre skikkelege godklumpar av nokre duettar, fortel Langvik.

Han seier også at det er ein litt artig likskap mellom Skorpen og Wettergreen.

– Då Caroline var her i fjor fekk ho tilbod om å bli solistpraktikant i operaen i Oslo. Det same er det no med Mikkel, som til hausten blir solistpraktikant i Oslo. Eg anar ein trend her. At å synge på Nyttårskonserten gir praktikantplass i Oslo, skjemtar Langvik.

– Det må vere ei greie der, skyt ein smilande Skorpen inn.

Det var to solistar i svært godt humør som møtte lokalavisa like før siste prøve.