Vakker musikk, sterke solistar og ei lokal overrasking var berre litt av det som stod på programmet på HDU og ULF innleia Korpsåret 2018 med ein fantastisk Nyttårskonsert.

Årets nyttårskonsert trefte på ein solid kul i vegen allereie i god tid før dei første tonane skulle fylle kultursalen på Sjøborg laurdag.

Hell i uhell?

Nokre dagar før konserten vart det nemleg klart at ein av solistar hadde skada seg og måtte trekke seg frå konserten.

– Nokre brotne ribbein, forklarte konferansier Kjersti Kleven.

HDU og ULF visste likevel råd, og på kort varsel steppa Mikkel Skorpen inn i staden for Marius Roth Christensen.

Og kanskje var det eit hell i uhellet at den unge tenoren, med far frå Moltustranda, måtte ta over tenorrolla under Nyttårskonserten?

Skorpen leverte nemleg frå første stund, og sjølv om han kanskje måtte skotte ein gong eller to ekstra ned på notearket, så var det ingenting som peika på at han berre hadde øvd på repertoaret nokre få dagar.

Både åleine, og i tospann med den stort sett alltid smilande Espen Langvik, viste 27-åringen allereie frå ”Mattinata” at publikum hadde mykje godt i vente.

Store stemmer

Skorpen si klare og vakre stemme spelte godt på lag med den varme barytonen til Langvik, men stod også fjellstøtt på eiga hand, både på klassiske songar som «Non ti scordar di me», men også på «guilty pleasures» frå musikalverda.

Medan den godaste Skorpen var eit nytt kjennskap for både korps og publikum, var Espen Langvik også med på fjorårets konsert.

– Sidan den gong har han både fått seg ny jobb og blitt gift, kunne konferansier Kjersti Kleven fortelje.

– Han reiste nesten direkte herfrå til jobbintervju for stillinga som operasjef ved Nordnorsk Opera og Symfoniorkester i Tromsø, eller NOSO som det også kallast. Det høyrest meir ut som ei opplysningsteneste. Hadde det ikkje vore betre om dei kalla det «Arctic Opera» eller noko sånt, kommenterte Kleven.

Ho leia publikum gjennom konserten med stødig hand, der ho tidvis informerte, men også ironiserte og trekte fram pussige eller morosame småbitar frå korpsa si historie.

Korpsa hadde også ei lita overrasking på lur, då ikkje alt på programmet passa like godt til røystene til dei to inviterte mannlege songarane. På ”Over The Rainbow” var det nemleg Kaja Rode som stod for stemmeprakta i samspel med ULF og HDU.

Også dei individuelle musikarane i korpset fekk sjansen til å vise seg fram litt ekstra. Som då Elisabeth Lillestøl trakterte klarinetten på framifrå vis under vanskelege «Clarinet Crazy».

To (tre) dirigentar

Tradisjonen tru varta også i år korpset opp med «Radetzki Mars» til slutt, der tankane kunne flyte mot ein annan Nyttårskonsert. Men der Gustavo Dudamel fekk stå i fred i Wiener Musikverein, var det ikkje like enkelt for Frode Dalhaug, som vart sendt frå scena av Kjersti Kleven kledd delvis i ei original HDU-uniform.

Dalhaug var forresten berre ein av to (tre om ein tel Kleven) dirigentar på scenen denne kvelden, då Thomas Swatland fekk si første oppleving med Nyttårskonserten som dirigent for Musikklaget ULF.

Ein blir nærast bortskjemte med store musikalske opplevingar på våre kantar. Nyttårskonserten er i så måte ein tradisjonsberar som aldri skuffar, og også i 2018 gjorde både korps og solistar sitt til å sikre ein ny knallstart på året.