Søndag strøymde korpsmusikken ut frå gymsalen ved Hjørungavåg skule. Der øvde skulekorpset intensivt for å bli klare til sin eigen bursdagsfest. For onsdag er det 50 år sidan korpset starta opp.

– Det er litt rart, meiner Iben André Breivik og Hedda Tretnes om at korpset er heile 50 år.

Likar å spele «rocka» songar

Sjølv har dei nemleg berre vore med dei siste tre åra, men begge gler seg stort til jubileet.

– Det blir kjempekjekt, slår dei to fast.

Iben spelar trommer i korpset, medan Hedda spelar klarinett. Men sjølv om dei spelar på ganske ulike instrument kan dei einast om ein ting:

– Det er kjekkast når vi spelar litt «rocka» songar, fortel dei.

Og ifølgje dirigent Iris Tangen Nanseth vil musikantane få sjansen til det på onsdag.

– Det blir eit variert program. Både litt rock’n’roll, balladar og marsjar. Vi spelar litt kjende songar, for det er kort tid til å øve inn nytt stoff, men vi prøvar også å ha noko nytt klart til konserten.

Sjølv har ho vore med som dirigent i om lag fem år, og er dermed blant dei meir erfarne i korpset.

– I skulekorpsa er det jo ofte ganske mykje utskiftingar. Dei siste åra har vi bygd opp korpset litt frå «scratch», men no har vi kome dit at vi også kan jobbe med litt vanskelegare ting. Det ser eg at også musikantane likar, fortel Tangen Nanseth.

Gler seg

Ho er heilt klar på at eit 50-årsjubileum for korpset absolutt er verdt å feire.

– Det er kjempestort å fylle 50 år med eit stort skulekorps, i ei lita bygd. Det er veldig kjekt og vi gler oss, slår ho fast.

Gler seg gjer også Jan Ove Breivik, som er leiar i Hjørungavåg skulekorps. Han kan også gle seg over at det er ein ungdommeleg 50-åring som jubilerer.

– Ja, det er ein frisk 50-åring som har dag onsdag. Det er jo litt slik at ein gjerne mistar nokre medlemmar når dei kjem i ungdomsskulealder. Då er det ikkje alle som synest det er like kult å spele i korps lenger, men vi prøvar å jobbe for å behalde dei vi har, og vi får inn nye aspirantar kvart år, fortel Breivik, som legg til at ein med stort og smått er om lag 30 medlemmer som er med i og rundt korpset.

Bursdagsfeiring

Gjengen som var på plass søndag la ned ein skikkeleg innsats for å verte klare til den store dagen, der det er eit solid program som ventar bursdagsgjestane.

– Det opnar med middagsservering, før ein går over på programmet litt seinare. Det blir som ei skikkeleg bursdagsfeiring, med både bursdagssong og fanfare. I tillegg får vi attersyn, som går heilt tilbake til 1968 og heilt fram til i dag. Det blir også kake og kaffi, og så skal sjølvsagt korpset opptre, fortel leiaren.

Og sidan det er jubileum så blir det også eit synleg bevis på at korpset fyller 50.

– Det blir utdeling av korpsmedalje, ei 50-års jubileumsmedalje til korpsmusikarane, fortel Breivik, som trur det er noko som kjem til å falle i smak hjå mottakarane.

Fram til bursdagsfeiringa er det hektisk aktivitet for alle som er involverte. Varaordførar Kristian Fuglseth har meldt at han kjem til feiringa, og Jan Ove Breivik håpar også bygdefolket vil slutte opp om markeringa.

– Det er jo det som kanskje er aller mest spanande no, å sjå kor mange som dukkar opp, seier Breivik til slutt.

Dirigenten: Iris Tangen Nanseth har vore dirigent for Hjørungavåg skulekorps i om lag fem år. Både ho og korpset gler seg til å kunne feire 50 år denne veka. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes