1. februar kjem «THE SHOW MUST OG ON X” med Åge Sten Nilsen og ensemblet hans til Sjøborg kulturhus. Showet er ein hyllest til supergruppa «Queen».

I samband med showet i Ulsteinvik ønskjer dei å ha med mellom 10 og 15 lokale statistar som kan vere med på nokre av nummera.

– Dei som melder seg som statistar bør ha fylt 16 år, seier Anita S. Andersen i The Show Must Go On.

– Statistane skal vere med for å lage store og flotte masseopptrinn, mellom anna i den store Queen-klassikaren ”Bohemian Rhapsody”, forklarer Andersen.

Ho seier at det er ein fordel om dei som stiller opp som statistar har stått på ei scene tidlegare, men at det ikkje er noko krav om særlege kunnskapar innan song eller dans.

Showet kan by på dansarar, sjonglørar, akrobatar, turnarar og statistar, i tillegg til Åge Sten Nilsen og songarane og musikarane hans, naturlegvis.

Den som ønskjer å vere med som statist kan ta kontakt med Anita S. Andersen anten på The Show Must Go On sine Facebook-sider eller via nettsida deira.