Idéverkstad for ungdom

– Vi inviterer ungdom til idéverkstad på Bell Ungdomsklubb. Bli med å lage verdens beste UKM, seier Aurora Dimmen Bratli ved kulturkontoret i Ulstein.

Møt opp på Bel Ungdomsklub tysdagskvelden 23. januar for å vere med på å bestemme og lage verdas beste UKM. Desse ungdomane vil ha med seg fleire unge arrangørar. Bak frå venstre Oskar Dalehamn Røren, Aurora Dimmen Bratli, Jon Martin Stokke og William Seljeseth. Foran frå venstre: Ann-Katrin Moldskred Holen, Tuva Vattøy Pettersen Pedersen og Hedda Djupvik Strømberg.  Foto: Marie Flatin

Kultur

Aurora Dimmen Bratli (19) er lærling i Ulstein kommune og har saman med ungdomsarbeidar Marie Flatin og kulturkonsulent Annika Brandal hovudansvar for å arrangere årets UKM (Ung Kultur Møtes) for Ulstein og Hareid.

– Arrangementet blir på Sjøborg kulturhus laurdag 10. mars og vi vil lage verdas beste UKM, seier den engasjerte lærlingen.

Unge arrangørar

Aurora har alt fått med seg ein gjeng som vil vere med å arrangere årets UKM. Dei har plass til fleire, og inviterer ungdom frå 7.klasse til 18 år å bli med på idéverkstad på Bell Ungdomsklubb tysdag 23.januar.

– Sjekk ut Facebook-sida til UKM Hareid & Ulstein og møt opp på tysdag for meir info, held Aurora fram.

Ungdom kan melde seg på UKM som ung arrangør og idéverkstaden er først og fremst for dei som er nysgjerrig på kva dette går ut på: - Møt opp så kan du få vere med å bestemme!

– Meld deg på årets UKM!

Aurora håpar at det blir mange deltakarar på årets UKM og oppmodar spesielt alle elevar ved kulturskulane om å melde seg på då dei nettopp viser det kulturelle mangfaldet i våre kommunar, som er målet med UKM.

– UKM er sjølvsagt også for dei som ikkje går på kulturskule. Mulegheitene er mange, seier Aurora.

Ein kan melde seg på med alt frå sceneinnslag som til dømes song, musikk, dans, teater og balltriksing, til programleiar, media, film - og ikkje minst innanfor kunstutstilling.

– For påmelding finn Ulstein og Hareid på www.ukm.no. Fristen er 1.mars. Bli med og vis kva du kan, oppmodar dei unge arrangørane.

Inviterer til workshop

I år som dei to siste åra har Bell Ungdomsklubb og kulturkontoret søkt om midlar for å gjennomføre workshopar i forkant av UKM.

– Vi har så langt fått 20.000 kroner frå Frifond gjennom ungdomsklubben sitt medlemskap i Ungdom og Fritid. Vi jobbar no for å få på plass workshop innanfor musikk, dans, kunst, foto og sceneformidling (spesielt for dei som vil delta på UKM som programleiarar). Sannsynlegvis skjer mykje av dette helga 3.-4.mars. Meir informasjon kjem, held Aurora fram.

Målet er at workshop skal vere gratis for ungdom å delta på, og det er ikkje eit krav om å melde seg på UKM. Kanskje kan workshopane bidra til at ungdomsklubben også utanom UKM kan starte opp med ulike aktivitetsgrupper med og for ungdom.