Vestlandet sitt flytande bibliotek er igjen på veg mot Møre og Romsdal. Dei har med seg mange nye bøker, temasekkar og boksekkar.

Temasekkane passar for 1. til 4. klasse. Boksekkane passar til formidling i barnehagen.

Når bokbåten legg til kai høyrer det også med ei framsyning. Denne gongen har dei med seg formidlaren Line Møller-Christensen. Ho viser framsyninga "Fabiolas nøkkelreise".

I framsyninga blir me kjende med klovnen Fabiola og hennes følgesvenn Petter Stjernestøv. Fabiola har alle moglegheiter i heile verda men veit ikkje kva ho kan, og kjedar seg til fantasien tek overtaket. Ho blir sendt ut i eventyruniverset for å hente inspirasjon. Ho møter både på kjente karakterar frå folkeeventyra, og nye karakterar som me ikkje har møtt før. Forestillinga handlar om leik, draumar og det å la kjenslene ta plass. «Fabiolas nøkkelreise» er inspirert av tradisjonelle norske folkeeventyr, men er òg krydra med Fabiolas fabulastiske fantasi.

Ruta

Onsdag 24. januar kjem bokbåten Epos til Hjørungavåg. Der blir det heile to framsyningar.

Laurdag 27. januar kjem bokbåten til Eiksund.

Sundag 29. januar er han i Gursken, Gjerdsvika, Sandshamn og Kvamsøya.

Onsdag 31. januar legg båten til kai i Haddal, Leikong og Alnes.