Overlevert til biblioteket si varetekt

42 år med lokal 8. mars-historie

Godt levert Frå overleveringa av 8 mars-protokollane i Ulstein Arena. Fremst fire frå den første kvinnegruppa med protokollane i fanget,  Hannelore Måseide, Marit Kvammen, Karen Randi Festøy og Borgny Solbakken. Bak frå venstre Karen Turid Almås Bjåstad, Anne Marie Saunes Overå og Greta Goksøyr frå 2017-komiteen, Wathsala Senthilkumar frå Tamilsk Kvinneforeining som skal arrangere 8 mars i år, og heilt til høgre sjefsbibliotekar Mona Iren Auganæs, som no skal ta vare på det viktige historiske materialet.  Foto: Odd Goksøyr

Kultur

Markeringa av kvinnedagen 8 mars har ein ubroten tradisjon her på Hareidlandet. Det har vore godt besøkte felles arrangement kvart år så nær som eitt. Og med den lauslege organiseringa som denne tilstellinga har, er det ein prestasjon i seg sjøl. Det er nemleg ordna slik at den gruppa som står for program og gjennomføring, oppnemner neste års programkomite ved slutten av årets 8 marsfest, og så går det altså eit heilt år til dei skal i elden - eller gløymer det.

Det ligg mykje arbeid bak desse markeringane, og når alt er over, skal det skrivast referat, klippast ut det som har stått i avisene og så skal alt inn i ein protokoll. Ikkje alltid har protokollen  vore å finne når året har gått og han trengst, nokon har han heime og kven er det? Fjorårets komite, K-gruppene på Hareid, har no teke initiativ til å finne ein stad å oppbevare dette historisk viktige materialet. Og valet fall på det nye biblioteket i Ulsteinvik, Ulstein Arena. Der ligg dei trygt, dei to tjukke bøkene med likestillingshistorie frå våre kantar. Og vil nokon sjå dei, finn bibliotekaren dei sikkert fram.

Men førebels kan inneverande års 8 mars-komite studere korleis forgjengarane har jobba. Det er i år første gongen at ei rein gruppe av våre nye landsmenn har ansvaret for 8 mars,  nemleg Tamilsk kvinneforeining. Den har medlemmer frå Hareid og Ulstein, ja nokre frå Herøy også, og dei møtest ein gong i månaden. Ein gong i året held dei ein stor fest for alle tamilar i nærområdet.

Likestillingskampen starta som kjent tidleg på 70-talet, og det blei danna fleire kvinnegrupper i våre bygder også. Det var ei av dei som arrangerte den første 8 mars-feiringa i 1975, for øvrig i Solstrandbygget på Hareid. Sidan utfordra kvinnegruppene også politiske parti og andre  grupperingar til å ta sin tørn. Det har difor vore svært varierte og interessante samlingar om likestillingsspørsmål.