Førstkomande laurdag, 3. februar, spelar bandet Skapsmak på Sans pub på Hareid. I følgje ei pressemelding som redaksjonen har fått tilsendt, har alle bandmedlemmene vakse opp med salt sjø som næraste nabpo, frå Vik i Sogn til Bolsøya ved Molde.

"Låtskrivaren og vokalisten frå fugleøya Runde, med fortid i Fatty Sunroad, har gått fra engelsk til norske tekstar med talefeil. Innhaldet dreiar seg om alt fra sugen kjærleik til folk med og uten halebein, der kvar ei låt lever sitt eige liv. Skapsmak er ikkje lette å sette i bås, då dei sjangermessig er innom både rock, reggae og country", heiter det i pressemeldinga. Skapsmak kan fortelje at dei til no berre har gitt ut ein låt, nemleg "Kom og ta mej". Dei har også laga ein musikkvideo som skal ha vore sett over 150.000 gonger på Facebook. "Kom å ta mej" er også å finne på Spotify, og Skapsmak kan glade fortelje at låten raskt nådde topp 5 av dei mest spelte låtane i Noreg. Skal vi tru pressemeldinga har bandet har planar om å spele inn fleire songar i løpet av 2018.

Skapsmak består av Aleksander Goksøyr, Malin Ørsal, Audun Håberg, Gard Eirik Austrheim, Marius Myklebust og Knut Steinnes.