Fulle hus for Fifty Shades Freed

På land Christian Grey (Jamie Dornan) går på land etter å ha lauga seg aldri så lite.  Foto: Filmweb

Kultur

Mange har vore om seg for å få tak i billettar til filmen Fifty Shades Freed, for dei to første framsyningane av filmen på Sjøborg Kino komande fredag er bortimot utselde, medan framsyninga laurdag har førebels nokre ledige plassar. I alt er det sett opp åtte framsyningar Fifty Shades Freed ved Sjøborg kino i første omgang.

Dei to føregåande filmane i Fifty Shades-serien har også vore særs populære, då særleg hos den kvinnelege delen av publikum.


- Aldri opplevd maken

Billettsalet til Fifty shades of grey" overgår alt anna ved Sjøborg kino

 

I denne tredje filmen i Fifty Shades-serien møter vi Anastasia (Dakota Johnson) og Christian (Jamie Dornan), som etter å ha feira eit storslagent bryllaup no lever eit draumetilvere fylt av erotikk og luksus. Diverre er det nokon som er ute etter å hevne seg på Christian, og mørke skuggar trugar difor forholdet mellom dei to.


Heller pudding enn porno

Fifty shades of grey danka ut av sagopudding

 

Filmen er basert på forfattaren E.L. James sine populære bøker.