Sentrumsparken er planlagt mellom parkeringsplassen ovanfor Ulstein Arena og Ulsteinvik barneskule.

– Førebels er vi heilt i startfasen, seier Kjersti Vengen Jensen, leiar for Frisklivssentralen.

Sentrumsparken er ein del av eit 3-årig prosjekt som skjer i samarbeid med Helsedirektoratet, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Høgskulen i Volda og seks kommunar i fylket, mellom dei Ulstein. Utgangspunktet for prosjektet er «Skulen som møtestad», og tanken er å nytte skuleområdet til helsefremjande tiltak.

– I Ulstein er prosjektet delt i to, ein del som tek for seg områda rundt krinsskulane og ein del som omhandlar Sentrumsparken og Ulsteinvik barneskule.

Dei tre krinsskulane har allereie fått utarbeidd skisser for sine uteområde og no står altså Sentrumsparken for tur. Sist måndag vart det arrangert idémyldringsmøte i kantina på Reiten, og 28. februar skal innspela frå møtet leggast fram for ei gruppe landskapsarkitektar.

Breitt utval

– Vi inviterte eit breitt utval av lokale lag og organisasjonar til å ta del i idémyldringa, seier Vengen Jensen som gjerne hadde sett at fleire hadde møtt fram. Ho er likevel godt nøgd med dei innspela som kom fram på møtet. Møtelyden var ei blanding av lokalpolitikarar, kommuneadministrasjon, MOT-ungdom, korpsmusikantar, fellesrådsmedlemmer og andre.

– Vi ønskjer å engasjere så mange som mogleg. Slik kan vi også skape auka kjensle av eigarskap og dermed meir aktiv bruk av parken, trur Kjersti Vengen Jensen.

Etter ein bolk der dei frammøtte vart delt i grupper for å jobbe fram idéar til korleis Sentrumsparken kan nyttast, var det tid for å presentere det dei hadde kome fram til. Deltakarane vart bedne om å sjå på kva slags kvalitetar området har som det er verdt å behalde, og kva som ikkje er så bra.

Mellom idéane som vart lagt fram, var ein paviljong der til dømes kor og korps kan få vere under tak når dei opptrer, ei stille grotte, tunnel mellom parkeringsplassen og skulen, ei bane for radiostyrte bilar, klatrepark, treningsapparat, trampolinar, fontener, rennande vatn og vass-speglar og sansestimulerande effektar som til dømes lys og lyd. At området mått vere tilgjengeleg for svaksynte og rørslehemma var også poengtert.

– Tenk om vi kunne lage ein park som var for alle! Det må vere målet, konkluderte idémyldrarane.

Myldring: Ordførar Knut Erik Engh held opp kartet over området der Sentrumsparken etter planen skal etablerast, medan Nils Johan Husøy (i lilla) forklarer kva idéar gruppa har kome fram til.