– Vi skal vise dei to første episodane på storskjermen her, fortel kultursjef Leif Ringstad.

Mellom gjestene vert John Carew, som spelar ei av hovudrollene i serien. Også dramasjefen i NRK, Ivar Køhn, manusforfattar Johan Fasting og produsent Yngve Sæther kjem.

– I tillegg har vi fått ei liste frå NRK over folk som har hjelpt til under innspelinga. Desse vert spesielt invitert til framsyninga, seier Ringstad.

Kultursalen har plass til 460 personar. Billettane skal etter planen leggast ut for sal fredag denne veka.

– Vi er ikkje ute etter å tene pengar, så billettinntektene skal gå til å dekke utgiftene vi har. Leige av salen, til dømes.

Vert dette ein tradisjonell premierefest med raud løpar og champagne?

– Nei, det legg vi ikkje opp. Dette er nok eit meir nøkternt opplegg. Eg trur rett og slett det vert kjekt å sjå dei to episodane saman med mange andre, seier kultursjefen.

kultursjef: Leif Ringstad trur det vert kjekt å sjå dei to første Heimebane-episodane saman med mange andre på Sjøborg. FOTO: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem