Det fortel reiar og eigar Willy Nesset, den tidlegare Hareid-ordføraren, som med eigenkapital gjennom selskapa sine Marine Constructions og VS Poland har finansiert restaureringa av praktskuta. Ei restaurering som Nesset tidlegare har estimert til ein prislapp på kring 20 millionar kroner.

– I botnen av alt som har blitt gjort her ligg tanken om at denne båten skal eg gi til bygdefolket i Brandal og Hareid når den tid kjem. Men det betyr ikkje at båten skal ligge i ro på Hareid. Skuta må få lov til å segle langs norskekysten igjen, men også i andre farvatn, seier Nesset.

Han har alliert seg med Ishavsmuseet Aarvak i Brandal, som skal vere med på å formidle polarhistorie ved bruk av Polarstar.

– Ishavsmuseet vil ta seg av formidlinga, medan eg no ønskjer å finne nokon som kan drifte båten på ein verdig og skikkeleg måte. Håpet er til dømes at båten kan chartrast av ulike aktørar, seier Willy Nesset.

Men han poengterer at Polarstar ikkje må bli ein «cowboybåt».

– Den skal takast hand om på ein fornuftig måte. Eg kjem til å nytte den tida som trengst for å finne dei beste løysingane.

Skal ordne sertifiseringar

Ønsket er at ein skal kunne nytte dei 24 overnattingsplassane Polarstar er utrusta med, då ein vil bruke Polarstar som ein opplevingsbåt. No jobbar Willy og gode medhjelparar tett inn mot Riksantikvaren og Sjøfartsdirektoratet for å få på plass dei rette fartssertifikata på båten.

– Vi har kome eit godt stykke på veg. Eg håper at vi kan ha båten i drift i løpet av sommaren, seier Nesset.

– Enorm interesse

Faktisk har interessa kring Polarstar vore så stor at Willy nesten må klype seg i armen.

– Det har kome inn ei stor mengd førespurnader. Til dømes har eg blitt kontakta frå Italia, der nokon ønskte å ta båten til Antarktis, seier han og smiler.

Også frå Russland, Tyskland, Frankrike og fleire andre land har det kome telefonar og mailar.

– Ja, og så er det ein stor amerikansk TV-kanal for reiseliv som har lyst til å bruke Polarstar. Tanken var at Polarstar skulle gå i same ruta som Roald Amundsen si skute «Gjøa» gjorde i 1906, seier Nesset.

«Gjøa» var som nok mange hugsar frå historiefaget det første fartøyet som segla gjennom Nordvestpassasjen.

Riksantikvaren har klassifisert Polarstar som det viktigaste polarhistoriske fartøyet som seglar i dag, fortel Willy Nesset.

– Det seier litt når Polarstar blir nemnt i same andedrag som «Fram» og «Gjøa». Eg trur ikkje det er alle som veit kor viktig Polarstar er i norsk sjøfartshistorie, seier Nesset.

Som fortel at det også er mange lokale som viser stor interesse for Polarstar.

– Det er alt ifrå dei som plutseleg ringer meg og seier dei står på kaia ved båten og som ønskjer å ta seg ein tur om bord, til dei som aktivt er med på å halde båten ved like.

Willy Nesset fortel at Svalbard også er eit mål for båten etter kvart.

– Det er mange som skrik etter å få båten oppover til Svalbard. Der oppe betyr den også svært mykje for mange.

Avslutningsvis fortel Willy om den flotte opplevinga det var å ta skuta over til Vartdal nyleg.

– Det var 30 år sidan sist ei ishavsskute hadde vore der, så det blei reine skjære folkevandringa. Det merkast at båten er populær.

Kapteinslugaren: Eigar og redningsmann Willy Nesset tok seg ein pust i bakken i godstolen i sjølvaste kapteinslugaren på Polastar då lokalavisa var på besøk. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll
Polarstar: Ishavsskuta M/S Polarstar blei bygd i Glasgow i 1948. Skuta var den fyrste selfangaren som blei bygd i stål, og har ei lengde på 151 fot. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll