Åge Olsen i Hjørungavåg hugsar godt den tida Engeskartunnelen vart bygd rundt midten av 50-talet. Han budde då i nærleiken av anleggsområdet, og som ungar flest var han nyfiken på det som gjekk føre seg.

– Eg må ha vore 8–9 år den gongen Det mest spanande var å gå inn på området og leite etter skyteledning som låg att etter at dei hadde sprengt.

Karane hadde ein kompressor som dreiv trykkluftboremaskinene. Elles vart alt arbeidet gjort med handemakt.

– Det var ikkje som i dag; no finst det boreriggar som kan bore fem meter innover i fjellet. Borehola vart difor ikkje så djupe, men til gjengjeld vart det sprengt nokså ofte.

– Men nåde oss om vi vart oppdaga av anleggsbasen. Då trakk han kniven han hadde i beltet og trua: – Kom dykk her ifrå, elles skal eg skjere øyrene av dykk!

No forstår eg at han var redd for at vi skulle finne udetonerte fenghetter og skade oss. Det er vel tvilsamt at han hadde skore av oss øyrene, trur Olsen.

Perfekt for piknik

Engeskaret var tidlegare eit ynda utfartsområde for folket i Hjørungavåg. Dei fine grasslettene var perfekte å slå seg til på for dei som var på utflukt. Vegen over Engeskaret skal framleis vere farbar, om enn berre til fots

– Det har faktisk hendt at det har blitt køyrt bil over, men då måtte sjåføren ha hjelp til å løfte bilen på plass i dei knappaste svingane, kan Åge Olsen fortelje.

Skulle det ryddast veg for framtida, var ikkje den smale vegen over skaret dugande. Her måtte det tunnel til.

Anleggsbasen med kniven heitte David Kalland og var opphavleg frå Bergenstraktene.

I torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten hadde vi på trykk eit bilete av dei fire som bygde tunnelen gjennom Engeskaret. Det var Johannes Håndlykken frå Hareid som hadde tatt biletet då tunnelen vart bygd midt på 50-talet, på oppdrag frå Sunnmørsposten. Vi hadde ikkje fulle namn på dei fire, men etter at biletet stod på trykk synte det seg at det var mange som visste kven dei fire karane var.

Halvgudar

I tillegg til David Kalland var tvillingparet Sverre og Rolf Hoggen med på biletet. Sistemann heitte Sverre Varholm. Alle fire var busette i Volda.

– Dette vart nesten som nokre halvgudar for meg som gutunge. Dei hadde utrulege krefter og var nokre arbeidsfolk av ei anna ætt.

Eg hugsar det låg ein «hund» nede i fjøra ved nabogarden Haugen. Ein «hund» vert nytta som forankring av utfar for småbåtar. Denne betongklossen vog 215 kilo inklusive den svær faststøypt jarnbøyel. Sverre Varholm var bort og løfta litt på med eine handa. – Hadde det vore i mi velmakt, skulle eg ha tatt han på ryggen og gått, skøya han, minnest Åge Olsen.

Han hugsar også at det vert fortalt at Sverre Varholm og Kalland ein gong var ueinige om korleis ein best kunne skyte bort ein bergnabb. Varholm fekk viljen sin, men det synte seg at dette gav mykje meir lausmasse enn det Kalland sitt alternativ ville ha gitt.

– For å unngå at ekstraarbeidet dette medførte skulle verte dei andre på laget til last, arbeidde Varholm som ein galen på fritida si i to dagar for å få vekk sprengingsmassane, fortel Åge Olsen.

Sverre Varholm døydde på 70-talet, David Kalland rundt eit tiår seinare.

Miste livet i arbeidsulukke

Når det gjeld Hoggen-tvillingane miste den eine av dei, Sverre, livet under bygginga av tilkomsttunnelen frå Ner-Åkre til kraftstasjonen på Bjørke. Dette skjedde i 1958. Då var tvillingane 35 år.

Dette veit Kjell Inge Bjørke, opphavleg frå Bjørke og no busett i Ulsteinvik, meir om. Han syner til ein artikkel som Odd Saure har skrive om bygginga av Tussa sitt kraftanlegg på Bjørke på slutten av 50-talet. Denne stod på trykk i årsskriftet til Hjørundfjord sogelag i 2008.

– Ulukka skjedde på det siste skiftet før arbeidarane skulle ta påskeferie. Sverre fekk ein stor stein over seg og vart hardt skadd. Dagbart Hareide og sjøflyet han vart tilkalla, men då han landa på fjorden fekk han beskjed om at han berre kunne snu. Då var Sverre død,  fortel Bjørke. Dette var i 1958.

Ifølgje Odd Saure skal dei to tvillingane ha arbeidd for Selmer ved eit anlegg i Australia, før dei kom til Bjørke som tunnelarbeidarar.

Rolf døydde i fjor, 94 år gamal.

ENGESKARTUNNELEN: Engeskartunnelen har prega det lokale nyheitsbildet den siste tida. Innbyggjarar langs Almestranda ber om at tunnelen vert sikra og Hareid Formannskap meiner løysinga på problemet er å sprenge vekk heile tunnelen. Foto: Anne Gry Eilertsen