Både Hareid og Herøy har eigne avdelingar i Ytre Søre Sunnmøre Svømmeklubb (YSSS), noko som samanheng med at dei to kommunane har hatt svømmehallar som har vore tilgjengelege for ålmenta. Med Ulsteinbadet på plass, er no tida inne for at YSSS, avdeling Ulstein gjer eit fråspark.

– Vi markerer oppstarten ved å arrangere svømmekurs, fortel avdelingsleiar Cecilie Brungot.

Kurset startar 1. mars, men det er framleis nokre ledige plassar att. I alt er det plass til 12 deltakarar. For nærare informasjon kan du gå inn på FaceBook-sida til YSSS.

– Kurset er frå born frå fem år og oppover og er delt i tre nivå. På det lavaste nivået handlar det mest om å tilpasse seg vatnet slik at ein kan bli trygg i dette elementet.

Instruktørane på kurset har gjennomgått naudsynt opplæring og vil vurdere kva nivå deltakarane høyrer til på, og plassere dei deretter, kan Brungot opplyse.

I alt vert det ti samlingar på kurset utover våren og kurset vert halde på torsdagar.

Svømmeklubben startar også opp med svømmetrening etter vinterferien, med treningar måndag og laurdag. Kravet for å vere med her, er at du kan svømme 25 meter.

Ein av trenarane som dei som deltek på svømmetreningane vil møte på, er Cian Walsh. Han er opphavleg frå Irland, der dei er langt flinkare til å drive svømmeopplæring enn her i landet, ifølgje Walsh.

– Kvar liten by, mindre byar enn Ulsteinvik, har sin eigen offentlege svømmehall, fortel han.

Han framhevar for ei utmerkt treningsform svømming er.

– Det er bra for kondisjonen, du trenar opp kjernemuskulaturen og det er ei treningsform som skåner kroppen for belastningar, seier svømmetrenaren.

Og kven veit? Med eit badeanlegg på plass, kanskje også Ulstein kan fostre eit stortalent innan symjing også?