På nyåret kom Ingunn Røyset, frå Hjørungavåg og busett på Flø, ut med barneboka "Fiskelykke". Boka er ein del av "Leseland", Det Norske Samlaget sin bokserie for born som lærer å lese.

Sundag 4. mars kan du høyre ho lese frå boka si i Ivar Aasen-tunet. Då er det familiedag. Det blir lesestund og kjekke aktivitetar for heile familien, mellom anna ein fisketur litt utanom det vanlege.

– Vi gler oss til staseleg forfattarbesøk, og eg håpar mange tek turen til tunet denne dagen for å høyre Ingunn Røyset lese frå boka si, og for å vere med på kjekke aktivitetar, seier formidlar Synnøve Marie Sætre i Aasen-tunet i ei pressemelding.

I Salen vil forfattaren lese frå den nyaste boka si. Me får høyre historia om då Jonas skal vere med Anna på moloen og fiske. Anna gjer alt ho kan for å få ein stor fisk på kroken, medan Jonas tenkjer mest på katten sin som er hjå dyrlegen.

Ingunn Røyset frå Hareid er utdanna sosionom, make-up-artist og landbruksavløysar. Dei siste 15 åra har ho jobba som journalist, og i 2012 debuterte ho med boka «Prins Storm». Ho har også skrive bøkene "Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen", "Aldri fred å få" og "Brevet frå krigen".