– Vi har nettopp mål tjukkleiken på isen på Kjerringnesvatnet til å vere 16-17 centimeter, fortel leiaren i Kjerringnesmyra Vel, Per-Stein Tømmerstøl.

Velforeininga ønskjer å slå eit slag både for trygge skeiseforhold på Kjerringnesvatnet og for den nye lyskastaren som syter for at isen er opplyst også på kveldstid.

– Lyset er kopla slik at det vert sett på når gatelysa kjem på. Koplingsboksen er elles låst, slik at det er uråd å slå på lyset utan at isen er trygg, fortel Tømmerstøl.

Velforeininga har fått støtte frå Ulstein kommune og Hasundgot IL til prosjektet som stod ferdig før jul i fjor.