Nyleg vart Jon Olav Sandal frå Barstadvika kåra til Årets Urørt på NRK P3. Torsdag 7. juni spelar han på Rokken under Dei nynorske festspela.

– Jon Olav kombinerer politisk brodd med sjarm og høg kvalitet. Vi hadde stor tru på at han kunne vinne Urørt-finalen, og no ser vi fram til ein real fest på heimebane! Samarbeidet med Rokken er svært positivt, og vi vonar dette kan bli ein årleg tradisjon, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Ivar Aasen-tunet i ei pressemelding.

22-åringen har skapt stort engasjement med låten «Hei Erna», der han leikar seg inn i den politiske miljødebatten. I P3 Urørt var han ein av fire finalistar, og gjekk til slutt heilt til topps under ei direktesending torsdag ettermiddag i førre veke. I grunngivinga trekte juryen mellom anna fram måten Jon Olav kombinerer musikk og politisk engasjement på.

Artisten sjølv hadde mange å takke då han tok imot prisen: – Tusen hjarteleg takk. Takk til alle som har stemt, juryen og bandet mitt. Alle eg har jobba med, og sjølvsagt mamma og pappa.

Dei nynorske festspela

Dei nynorske festspela blir arrangert frå torsdag 7. til søndag 10. juni 2018 på ulike scener i Ørsta og Volda. Barn, ungdom og vaksne kan sjå fram til om lag 50 arrangement med musikk, litteratur, foredrag, samtalar og utstillingar. Programsleppet for årets festspel finn stad 14. mars.

For meir informasjon:

Programansvarleg Olav Opsvik Øyehaug, tlf. 70 04 75 79

Kommunikasjonsrådgivar Laila Walseth Lid, tlf. 70 04 75 82, mobil 958 70 569