Alle klassetrinna har samarbeida om prosjektet og det var mange spente fjes både på scena og i salen. Lærar for 6 klasse, Anna Kloster Kvidbergskår (25) er stolt av elevane:

– Dei har jobba veldig hardt og lært utruleg mykje. Det er viktig å lære om norsk historie og Alf Prøysen er ein stor del av vår kulturelle historie. Barna har fått kle seg ut og verkeleg føle på korleis det var før i tida. Det er kjekt å kunne lære på ein kreativ måte, i staden for å berre ha teori. Kanskje får barna også prøve seg på noko dei ikkje har vore borti før. Det er ekstra morosamt at alle klassetrinna har bidrege på kvart sitt felt.

Kjempeartig

Nokon som har fått testa nye sider av seg sjølv er sjetteklassingane Judith Sundal og Helle Frøystad, begge 12 år. Dei melde seg frivillig til å vere programleiarar for framsyninga.

– Vi tenkte at det kunne vere kjekt å prøve det ut. Vi har ikkje stått på ei scene før, berre vi to aleine. Det var heilt nytt for oss og ei kjempeartig oppleving. Dessutan får vi lov å ete flatbrød mens vi underheld salen, kniser jentene i kor.

Helle fortel vidare at ho hadde lyst å vise at ho kan tørre ting som å stå framfor eit publikum og lese.

– Eg tenkte at det kan no vere greitt og vere programleiar av og til også, smiler ho lurt.

Er dykk ikkje nervøse?

– Vi nei!? Aldri. Men vi er veldig spente då, ler 12 åringane.

Bra val

Jentene er kledd i fine strikka genserar og kan fortelje at dei har funne dei i skapet til foreldra sine.

– Mamma tek jo vare på alt ho hadde då ho var lita, informerer Judith, og verkar nesten litt letta.

Jentene er begge einige om at det er bra av skulen deira å arrangere framsyning om Alf Prøysen fordi han hadde mange fine barnesongar som alle kjenner til og likar å synge den dag i dag.

Slideshow

Under showet var det blant anna songinnslag med 1–3 klasse, historieforteljingar med 5 klasse og musikkinnslag ved musikkskulen. Alt frå saksofon til trekkspel var representert. Elevane hadde også ordna med flott Prøyseninspirert kunst på veggane og digitalt slideshow med video og songtekstar frå videokanon.

Stolt lærar: Anna Kloster Kvidbergskår er lærar for sjetteklasse og ga dei mykje ros for innsatsen når framsyninga var over. Foto: Beate Muren
Prøysen ala Hasund: Her er det fyste til tredjeklasse som underheld med fine Prøysensongar som til dømes Lillebrors vise. Foto: Beate Muren Foto: Beate Muren