Rocky road er ein dessert-konfekt som seiast å vere datert heilt tilbake til 1800-talet i Australia. Det vart funne opp for å kunne selje konfekt som hadde blitt meir eller mindre øydelagt på vegen frå Europa, ved å blande med nøtter og billeg sjokolade for å maskere smaken. Namnet fikk den etter vegen dei reisande måtte gjennom for å kome fram. I hovudsak består det oftast av marshmallows, lys sjokolade, nøtter og ofte kjeks og tørka frukt. I dag er uttrykket rocky road brukt om type smak på iskrem, kaker, sjokolade, muffins og liknande.

Brownien er rik på smak av sjokolade og er klissete i konsistens og har fått ein «rocky road-topping» av marshmallows, pistasjnøtter og den gode gamle Kvikk Lunsj-sjokoladen. Så dette er ekte konfekt-kake som eg kan garantere at vil få bein å gå på.

Ingrediensar:

200 g smør

250 g mørk kokesjokolade, finhakka (blanding av sjokolade med 50 % og 70 % kakaoinnhald)

3 store egg

260 g sukker

100 g kveitemjøl

30 g bakekakao

2 ts vaniljesukker

1 klype salt

1 neve salte pistasjnøtter (utan skal)

1-2 Kvikk Lunsj

1 neve mini marshmallows

maldonsalt, til topping

Forvarm steikeomnen til 190 ºC og kle ei firkanta form på ca. 23 cm x 23 cm med bakepapir.

Smelt smør og sjokolade i ein kjele over lav varme. Rør rundt litt i det med jamne mellomrom slik at sjokoladen ikkje brenn seg i botnen. Når alt er smelta saman trekk du kjelen frå varmen og avkjøler litt. Pisk egg og sukker til luftig eggedosis. Ha i den lett avkjølte sjokoladen og bland det godt saman med ein slikkepott. Sikt i mjøl, bakekakao, vaniljesukker og salt og vend det forsiktig inn i blandinga til alt er blanda saman. Ha røra over i forma og glatt utover slik du får ei jamn overflate. Knekk opp Kvikk Lunsj i bitar på ca. 2-3 cm og trykk dei lett ned i røra slik at dei stikk opp over overflata. Strø over pistasjnøtter og marshmallows og trykk dei forsiktig ned i røra slik dei festar seg. Strø over nokre dryss maldonsalt over brownien dersom du ønskjer. Set midt inn i omnen og lat steike i ca. 20 minutt. Kaka skal ha fått ei fast overflate og samtidig vere klissete inni, så det er betre med litt for lite steikt enn for mykje. Avkjøl heilt før du skjærer i små stykke. Kaka har godt av å få seg ein tur i kjøleskapet over natta før servering, slik smak og konsistens får satt seg skikkeleg.

mat: Matspalta står på trykk kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Vikebladet Vestposten og Møre-Nytt. OM SPALTISTEN: Eg heiter Mari-Lene Korsnes og er for tida student i Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda, jobbar som butikkmedarbeider og driv i tillegg matbloggen www.medhjerteformat.com. Min store lidenskap her i livet er mat og då spesielt mat laga frå botnen av. Eg håper med dette på å kunne inspirere og påverke andre til å eksperimentere og kose seg med matlaging! Foto: Privat