Det mangla ikkje på høgdepunkt under Ung kultur møtest (UKM) - Ulstein og Hareid som vart arrangert på Sjøborg laurdag. I nærare tre timar fekk publikum sjå ungdomar frå Ulstein og Hareid levere praktnummer etter praktnummer, både med song og dans, gjennom kunst og meir orginale kulturformer.

Ikkje rart at dei fem konferansierane sitt mest brukte uttrykk var "Wow" denne kvelden.

Ungdomen leverte ikkje berre på scenen, men også med heile 16 kunstnarar som stilte ut sine verk i området utanfor kultursalen på Sjøborg. Legg til 28 scenenummer av svært høg kvalitet, så skal juryen få eit svare strev med å finne ut kven som får representere Ulstein og Hareid under fylkesmønstringa. Den jobben er underteikna glad for at han slepp å ta del i.

For på Sjøborg laurdag var det mange som viste at dei fortener å få vise seg fram fleire gongar, og mange som truleg kjem til å vise godt igjen i kulturlivet både i Ulstein og Hareid i mange år framover.

Både god og viktig var også prestasjonane til både konferansierar og andre som ordna både på og bak scenen for å sørge for at UKM gjekk knirkefritt for seg.

Sjå stor bileteserie i toppen av saka. (På grunn av mange bilete kan det ta litt tid før alle bileta lastar inn)