– Ja, det har vore ein krevjande prosess. Så får andre avgjere om eg har fått det til eller ikkje, seier Svartveit, som denne veka er tilbake i Ulsteinvik for å starte opptaka til sesong 2 av tv-serien.

Svartveit er frå Voss og tok teaterutdanning ved Russian Academy of Theatre Arts, GITIS. Dei siste åra har han vore tilknytt Det Norske Teatret.

Fotballklubben Voss

39-åringen fortel at han eigentleg skulle verte jurist. Men etter tre år med studiar i Bergen, valde han å ta teaterutdanning i staden. Rolla som klubbleiar Espen Eide meiner han passar bra.

– Eg vaks opp i Fotballklubben Voss, faren min var til og med formann der i nokre år. Sjølv spelte eg fotball til eg var nitten, så eg føler at eg kjenner fotballmiljøet godt.

Kvifor slutta du med fotball?

– Eg spelte opp til juniornivå og så fekk eg fem minutt på A-laget mot slutten av ein kamp. Det var visst eit såkalla taktisk byte, ler han.

Nevstad-kopi?

I «Heimebane» er det Svartveit sin rollefigur som tilset landets første kvinnelege fotballtrenar for eit herrelag i eliteserien. VG gav serien terningkast 5, og skreiv følgjande: «Fotballklubbens daglige leder, Espen Eide, en rettskaffen og tilsynelatende ensom mann, er Mikkelsens beste forsvarer. Til å begynne med er han den eneste.»

– Eg fekk ikkje så mange føringar. Eg fekk manus og som skodespelar er du van med å lese karakterane ut ifrå korleis dei pratar og kva dei pratar om, seier Svartveit.

Dei som kjenner Mr. Hødd, sportssjef André Nevstad, kan ikkje unngå å sjå likskapar. Har du prøvd å kopiere han?

– Nei, det stemmer ikkje. Men eg tek det som eit stort, stort kompliment viss folk meiner at rollefiguren min liknar på Nevstad!

Men har du henta inspirasjon frå han?

– Eg har møtt han éin gong, det var då Hødd spelte sin første heimekamp i fjor vår. Han tok seg tid til å prate med meg. Den samtalen gav meg mykje, spesielt då han snakka om verdiane til Hødd. Det har eg teke med meg inn i rolla, seier Svartveit, og held fram:

– Nevstad snakka om klubben sin plass i lokalmiljøet, at nesten alle ungdomane er innom klubben i løpet av oppveksten. Og at det gir klubben eit enormt ansvar for både å oppdra og inkludere medlemmane. Det likte eg veldig godt, og det kjem til å verte viktig utover i serien også, seier han.

– He he, jaudå, eg høyrer frå folk at dei ser likskap mellom Espen Eide og meg, seier André Nevstad, som har fått tekstmeldingar frå kjentfolk også frå andre delar av landet.

– Svartveit og eg hadde ein veldig triveleg samtale i fjor vår, og det er kjekt å høyre at han har teke med seg dei verdiane Hødd står for inn i rolla som Eide, seier Nevstad.

Gode tilbakemeldingar

Då Morten Svartveit fekk rolla i «Heimebane», fekk han beskjed om at rollefiguren skulle vere frå Ulsteinvik. Og det er ein tidlegare teaterkollega som har hjelpt han med dialekta.

– Då tok eg kontakt med Rune Sæter, som er herifrå. Så han har vore til veldig stor hjelp, fortel Svartveit.

Korleis har du jobba for å få på plass dialekta?

– Eg sende manus til Rune, som las inn alle replikkane mine. Så dei har eg lytta til, gått med dei på øyret heile tida, for å seie det slik. Men eg kunne ikkje berre kopiere Rune, eg måtte gjere replikkane til mine eigne. Så vi har hatt nokre samtalar, der vi har øvd på sunnmørsken. Han snakka, eg prøvde, han lo og retta, eg prøvde meir. Rune er lærar og ein veldig god pedagog, så etter kvart følte eg at fekk god sjølvtillit på dialekta. Og sjølvtillit er bra for å kunne improvisere og for å vere truverdig.

Kva tilbakemeldingar har du fått?

– Eg likar ikkje å skryte av meg sjølv, men eg har faktisk berre fått gode tilbakemeldingar.

Mr. Hødd: André Nevstad, sportssjef i Hødd. Foto: Hødd Fotball/Arne Flatin Foto: Hødd Fotball/Arne Flatin