Frida Ånnevik, Herborg Kråkevik, Kari Veiteberg, Sigrid Moldestad og festspeldiktar Marit Eikemo er nokre av dei du kan møte i Ivar Aasen-tunet i Ørsta på Sunnmøre 7. til 10. juni.

Litteratur, språk og identitet

Litteraturen både speglar og formar samfunnet. I året då nynorskforlaget Samlaget fyller 150 år, står litteraturen sentralt på festspelprogrammet.

– Vi ønskjer å nytte jubileet til å sjå på historia, men også til å sjå framover. Det er særleg stas at det er ein av årets forfattardebutantar, Tharaniga L. Rajah, som skal halde opningstalen på Festspela, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng, i ei pressemelding.

Jan Inge Sørbø har skrive historia om den nynorske litteraturen. Kva har den nynorske litteraturen hatt å seie for ein nynorsk identitet, er spørsmålet Sørbø stiller i Ivar Aasen-minneforedraget. Språket er også svært viktig for den katalanske identiteten. Det får vi høyre meir om når professor F. Xavier Vila frå Universitetet i Barcelona held foredraget Verda den vide.

Konsertar

Musikktilbodet inneheld tekstar på nynorsk og dialekt i fleire sjangrar, og utescena i Aasen-tunet er ein sentral konsertarena. Frida Ånnevik står på scena med band, men konsertpublikumet får også høyre Sigrid Moldestad, Herborg Kråkevik og Susanne Lundeng trio. I tillegg blir det konsert for dei minste med Silje Sirnes Winje.

I samarbeid med studenthuset Rokken blir det konsert med Urørt-vinnar Jon Olav. Magnar Åm skal dessutan presentere dei første framsyningane av operaen Kimen i Propellhallen i Volda. Det blir også urframføring av tingingsverket Ferdaminne av Tord Gustavsen i salen i Aasen-tunet.

Festspeldiktar på mange arenaer

Festspelpublikummet vil bli godt kjende med festspeldiktar Marit Eikemo som skal vere med på meir enn ti arrangement. Du vil mellom anna møte Eikemo i samtale om eigen forfattarskap og om mødrer i litteraturen med forfattarkollega Hilde Kvalvaag, bokmeldar Marta Norheim og forfattar Kristin Fridtun. Sjølv skal ho leie ein samtale om den munnlege forteljartradisjonen med den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson og rapparen Runar Gudnason.

Skuleelevane

I år, og åra som kjem, blir Festspela arrangert før sommarferien tek til for skulane. Det opnar for å utvide tilbodet for barn og unge. I år skal forfattarane Roald Kaldestad, Atle Hansen og Terje Torkildsen til saman møte nærmare tusen skuleelevar i Ørsta og Volda på dei to første dagane av Festspela. Elevar på Volda vidaregåande får eit nært møte med Linda Eide.

Årets utgåve av Festspela inneheld meir enn 50 arrangement, med både konsertar, litterære samtalar, opplesing, språkleg innsikt, kviss, plateprat og festsprell. Heile programmet finn du på festspela.no.