Denne helga er det NM i Janitsjar i Olavshallen i Trondheim. Der deltar Musikklaget ULF. I år deltar dei i 4. divisjonen og konkurrerer mot 15 andre korps, mellom anna Musikklaget Brage frå Ålesund.

Direktesending

Du kan høyre Musikklaget ULF direkte frå scenen i Lillesal klokka 19.56 i kveld (fredag).

Det er berre å gå inn på denne lenka.

ULF skal framføre stykket ”La Vouivre”. Dette er eit særs stemningsskapande verk som beskriv legenda om enka Merluzine som var gift med ein rik Lord. Etter mannens død utnytta ho rikdommen til å leve eit liv i fest, luksus og nyting. Merluzine var ikkje snill med dei fattige, og vart forheksa til den drakeliknande slangen «La Vouivre». Stykket beskriv legenda, tilbakekomsten til La Vouivre og ein fattig bonde sin kamp mot slangen når han vil gjere seg til verdas rikaste ved å stjele det berømte rubin-auget til La Vouivre.

Musikklaget Ulf fortel historia med hjelp av vakre tonar, fengande rytmer og overraskande lydeffekter.