Rundt lønsjtider i dag heldt Adam Douglas ein minikonsert på Vivo på Blåhuset. Der gav han ein smakebit av kva folk kan vente seg på konserten på Sjøborg kulturhus i kveld.

Det møtte opp godt med folk mellom hyllene for å få med seg den flotte konserten. Det var eit breitt samansett publikum. Dei minste sat i barnevogn og heldt takta med å sprelle med beina i lufta og dei eldste såg ut til pensjonistar. Uansett alder og kjønn såg alle ut til å like musikken dei fekk servert i lag med kaffi og laksewraps.

Adam takka for at han fekk lov til å kome og møte så mykje hyggelege folk i Ulsteinvik. Han spelte og song tre songar. Etterpå flokka publikum seg rundt han for å kjøpe signerte plater, helse på artisten og ta bilete av seg sjølv i lag med han. Og Adam stilte opp for alle.

Gler seg til i kveld

Adam og bandet reiste oppover i natt, så han var litt trøytt og håper å få sove litt før konserten i kveld. Det er første gongen han speler i salen på Sjøborg kulturhus, men han har opptredd fleire gonger i Ulsteinvik. Han har spelt på Kaffebaren, under Trebaatfestivalen og han trur han spelte ein gong på Kaffikari. Han budde sine tre første månader i Ørsta, og den tida reiste han mykje rundt i distriktet vårt.

– Så har du spelt på Eiksund samlingshus, med Woodleg Odd. Hugsar du det? Wodleg Odd stilte som lærarar på BandCamp i Eiksund i 2010?

– Ja, det stemmer! Ja, det er lenge sidan, mimrar artisten som vann siste Stjernekamp.

På den BandCampen var elles operasongar Bror Magnus Tødenes med, men det er ei anna historie.

Sjølv om Adam gjennom Stjernekamp fekk vise at han meistrar dei fleste musikksjangrar, vil han stort sett spele "Adam-musikk" i kveld.

– Min musikk er sånn amerikansk root-inspirert, forklarer han. Men han plukkar og blir inspirert av ulike stilartar, som funk, køntri og soul.

Det blir musikk frå den siste plata han gav ut og det blir nokre songar frå ei plate som kjem seinare i år, som han nyleg har spelt inn.

Det blir også noko snacks, som kanskje folk kjenner igjen.

– Det er alltid veldig fint å vere i Ulsteinvik. me gler oss til å spele på Sjøborg. Det er ein veldig fin sal, passe stor, seier den høflege og dyktige artisten.