Hei pusen min … E stikke berre en bitte liten tur til Hellas en fjortendagerstid e …. Da må du fikse maten og underbuksene dine sjølv.

Venninna til Lilly er feminist. Ho har invitert Lilly med til Hellas. Og Lilly har særs lyst til å reise. Ungane er vaksne og ekteskapet kjennest etter kvart litt einsamt. Det er vanskeleg å få sagt det til Johannes, mannen hennar. Så då Lilly endeleg finn motet og dreg til Hellas ligg det berre ein lapp på kjøkkenbenken og 14 frosenmiddagar i frysaren.

Reisa til Hellas vert byrjinga på ei mykje større reise for Lilly.

Den morosame, hjartevarme og kloke monologen Lilly Valentin er kjend og elska over heile verda. Ei kvinne som heile livet har vore noko for andre, bestemmer seg plutseleg for å vera noko for sin eigen del. Og på vegen mot det målet vert me inviterte inn i det ufatteleg morosame og rike indre livet til Lilly. Noko som ho elles har halde godt skjult. Ho får sagt det, Lilly. Særleg når ingen andre høyrer på.

Sjølv om fridommen ikkje alltid er like lett å bere, så lønner det seg for Lilly å våge å vente seg noko meir av livet enn klesvask og ball på torsdagar. Det er ikkje fyrste gongen Astrid Overaa lyftar rolla som Lilly Valentin. For femten år sidan gjekk folk mann av huse for å sjå Astrid spela Lilly Valentin. Det håpar me at dei vil gjera denne gongen òg.

No har me bede regissør Philipp Stengele om å gjera ei ny oppsetjing – om ei kvinne som er femten år eldre. Men som framleis ventar seg meir av livet.

Regi og visuelt uttrykk: Philipp Stengele. Med: Astrid Overaa.