Årets påskeeggjakt i regi av Pilskog og Overå Velforening gjekk av stabelen i sol frå skyfri himmel den 26. mars.

160 born i alderen 0-12 år deltok på  påskeegg jakta. Påskeharen hadde gjøymt små egg rundt om kring på Leikeplassen i Pilskogane i Hjørungavåg . I bytte mot det  lille egget som borna fann fekk dei eit stort påskeegg som var fylt til randa med godteri. I følge Påskeharen gjekk det med 37,5 kilo godteri for å fylle egga .

Omlag 400 personar deltok på arrangementet. Målgruppa er innbyggjarane i Hjørungavåg frå 0-100 år. Målet vårt er å skape sosiale treffpunkt på tvers av generasjonar og å skape trivsel.

Leikar som kast på boks , spikring/fjøl, eggeløp og lykkehjulet er klassikarar som alltid er ein suksess og som ungane synest er stas .

Alle arrangement i regi av PO vel er gratis for dei som deltek. I tillegg til påskeegg til alle 160 borna så gjekk det med store mengder av kaker, kjeks, frukt , saft og kaffe , og alt er gratis for dei som deltek.  Stor takk til alle våre samarbeidspartnarar og sponsorar.

Neste investering på Leikeplassen er ein zipline/ taubane, totalpris er kr 90.000,- . Loddsalg i bygda dei siste vekene og no under arrangementet resulterte i heile kr 17.000,- . Fantastisk resultat som seier alt om givargleda til gode formål for innbyggjarane i Hjørungavåg. Vi har fleire sponsorar som har gått inn med pengar så no er vi svært nær fullfinansiering.

Ziplinen/ taubana vert bestilt i næraste framtid og kjem no opp i løpet av vår/sommar .

Stor stor takk til VR foto og Victoria Rinde , dyktig profesjonell fotograf, som stiller opp på dugnad som festens fotograf. Resultatet er fantastisk mange flotte bilde blink-skudd av gjestane og av stemninga .

Tusen takk til Påskeharen og påskehare-assistenten og alle med-hjelparar på festen .

Styret i PO vel tek no påskeferie og ynskjer alle ei riktig GOD PÅSKE

Pilskog og Overå Velforening, ved Ragnhild Nedrelid, Irene Overå, Hilde Johansen og Karsten S. Hatløy