3. april var det 80 år sidan frakteskuta «Rokta» forliste under svært dramatiske omstende utanfor Bjørnsund. Mannskapet om bord i hareidskuta «Astrid» kan ha vore dei siste som såg skuta før forliset.

– Første gongen eg såg «Rokta» var då ho siglde forbi oss utanfor Ørlandet. Vêret var fint og eg hugsar at eg tenkte at den som fekk hyre på ei så flott skute, han var heldig, minnest Kåre Sæverud (97) frå Hareid. Han var den gongen sytten år og hadde mønstra på «Astrid» som stuert. Mannskapet bestod elles av Benoni Håbakk som var skipper, Alv O. Grimstad som var maskinist og Albert K. Lillebø som var bestmann.

– Vi hadde vore nord til Husøya ved Senja for å laste saltfisk og trantønner. På veg sørover stoppa vi i Brønnøysund for å ringe til agenten vår i Ålesund slik at vi fekk vite kvar lasta skulle leverast. I Brønnøysund møtte vi på ein hareidsmann, Agnar Bigset, som hadde vore på reketråling nordafor, saman med ein romsdaling, fortel Sæverud.

Romsdalingen heldt vegn, medan Bigset heldt båt, nærare bestemt den 35 fot lange «Reidulf».

– Vi ungane heime på Hareid kalla båten berre for «Dubbaren», av di han låg og dubba ute på vika ettersom han ikkje hadde eigen kaiplass, minnest Kåre Sæverud. No hadde «Reidulf» fått maskinskade og eigaren venta på å få frakta båten sørover med hurtigruta.

Fekk slep

Skipperen på «Astrid», Benoni Håbakk, og Agnar Bigset var grannar og Bigset fekk difor tilbod om å verte slept heim til Hareid, noko han takka ja til.

Samstundes var «Rokta» frå Hardanger på veg sørover frå Alta med ei last skifer. Skuta gjekk meir eller mindre i fast rute mellom Alta og Skottland med stein.

Etter å ha sigla forbi «Astrid» ved Ørlandet, la «Rokta» kursen mot Kristiansund for å bunkre. Ettersom vêrmeldingane ikkje var gode, droppa dei desse planane for å prøve å komme seg over Hustadvika medan vêret framleis var noko lunde.

– Vi såg dei att utanfor Kristiansund tidleg laurdag morgon den 2. april, fortel Sæverud.

Tetta dørene med feitt

Heller ikkje skipperen om bord i «Astrid» hadde tid til vente til det varsla uvêret hadde gitt seg. Kåre Sæverud fortel at dei smurde grease rundt alle dører for å halde vatnet ute.

– Det tok ikkje lange tida frå vi forlèt Kristiansund til det tok til å slingre noko forferdeleg og eg forlèt det eg styrte med i byssa for å stikke opp i styrehuset for å høyre kva det var som skjedde. Då fekk eg streng beskjed om å halde meg i byssa og passe på der nede. Etter kvart fekk eg mi fulle hyre med å ause byssedørken for sjøvatn. Trass i at vi hadde forsegla dørene i keisingen med feitt, så spruta vatnet inn. Dersom vatnet kom over den 30 cm høge dørstokken i byssa, ville det renne vidare ned i maskinrommet og då ville vi vere ille ute.

Kåre Sæverud  fortel at bårene stod over dei som fjell når «Astrid» var nede i bølgjedalane.

– Sjøen var over oss alle stader. Då vi gjekk forbi Bjørnsund måtte vi passere eit trongt sund mellom to holmar. Eg hugsar at den eine holmen var graskledd. Sjøen pressa oss over holmen, men heldigvis var det nok vatn under kjølen til at vi kom oss over, med slep og alt. Då tykte eg det knaka i skuta, ja. Og han var ikkje mykje ringare då vi passerte siste kneiken over Breisundet heller, kan Sæverud fortelje.

«Astrid» og «Reidulf» kom seg velberga heim til Hareid.

– Vi fekk streng beskjed av skipperen om å ikkje fortelje til ei levande sjel at vi hadde gått over Hustadvika i stormen. Han var nok uroa for papira sine. Vi snakka aldri med kvarandre om det som hadde skjedd, fortel nittisjuåringen.

Det vart fleire turar med "Astrid" for Kåre Sæverud, men etter krigen gjekk han i snikkarlære og dreiv ei tid også eigen snikkarverkstad. Mellom anna laga han møblar og innreiing til den nye barneskulen på Hareid som stod ferdig rundt 1960. Deretter vart han møbelsnikkar ved Hjørungavåg verkstad der han arbeidde fram til heilt fram til 1987.