Simon Gjerde Tonev frå Hareid og kjærasten Veronica Vilde Pedersen vart i går torsdag tildelt prisen for beste regi og manus under Sogndal Filmfestival. Prisen får dei for filmen "Porcelain".

- Filmen handlar om kor skjøre og sårbare vi menneske er, seier Simon Gjerde Tonev.

Han fortel at idéen til filmen kom etter at søstera til ei veninne av kjærasten hans døydde etter ein overdose.

- Vi diskuterte dette, om korleis menneske frå tilsynelatande vanlege miljø kan havne på kjøret. Dette vart utgangspunktet for "Porcelain", forklarer han.

Simon arbeider i dag som film- og fotoassistent i reklamebyrået KIND i Bergen.

- Det er ein veldig lærerik arbeidsstad, med mange dyktige kollegaer, seier Simon som på ingen måte legg planane om å verte filmskapar på hylla.

- Prisen vi fekk i Sogndal har gitt meg ein ekstra boost til å halde fram med dette. Dette var verkeleg inspirerande og kjekt. No er eg i gang med manuset til ein ny film som vil verte noko lenger enn "Porcelain" som berre var på fire og eit halvt minutt. Dette opnar for deltaking på enda fleire kortfilmfestivalar, kan han fortelje.

Simon Gjerde Tonev frå Hareid og kjærasten Veronica Vilde Pedersen vart i går torsdag tildelt prisen for beste regi og manus under Sogndal Filmfestival for filmen "Porcelain". Foto: Christoffer Meyer, KIND Conceptual Branding