Pavlova ser ut til å vere det verkeleg store kvart år i vår-og festsesongen. Det er slettes ikkje rart sidan det er enkelt å lage og kan varierast i det uendelege. Denne har god smak av lakris og er toppa med syrleg pasjonsfrukt- og sitronkrem.

Denne pavlovaen er laga som små porsjonsdessertar, men du kan fint steike den som ei heil kake om du vil det. Den litt skarpe og salte smaken frå lakris fungerer perfekt saman med søt marengs og syrleg pasjonsfrukt. Både pasjonsfrukt-curd og pavlovaen kan du lage på førehand slik at alt går raskt å sette saman på serveringsdagen.

Ingrediensar:

Lakrismarengs:

140 g eggekvite, romtemperert

250 g sukker

1 ss maizena

1 ts eddik

1 ss varmt vatn

2 ts rålakrispulver (for eks. Johan Bülow raw lakrispulver)

Pasjonsfrukt-og sitroncurd:

125 g meierismør

155 g sukker

4 eggeplommer

1 dl pasjonsfrukt (om du ikkje ønskjer fruktkjøtt og frø silar du det av, men eg synest det berre gir meir smak)

1 dl sitronsaft

Til servering:

2 dl seterrømme

2 ss sukker

fersk pasjonsfrukt

evt. finhakka pistasjnøtter

Forvarm steikeomnen til 100 ºC.

Ha eggekvite, sukker, maizena, eddik og til slutt varmt vatn i ein bakebolle og pisk det til stiv marengs på høg hastigheit i maskin. Den bør piskast i minst 10 minutt for å bli stiv og skinande. Ha i lakrispulver og pisk vidare i ca. 2 minutt ekstra. Ha marengsen i ein sprøytepose og sprøyt ut 6 runde sirklar på ca. 12-15 cm i diameter med litt avstand frå kvarandre på bakepapirkledde steikebrett. Lat steike i ca. 1 ½-2 timar. Har du lyst å lage pavlovaen som ei heil stor kake fordeler du marengsen utover til ein stor sirkel på 20 cm og steiker den på 140 ºC i ca. 1 ½ time. Når marengsane er tørre og sprø og slepp bakepapiret, er dei ferdige. Då skrur du av steikeomnen og let dei stå igjen inne i omnen og tørke til den er kald. Det kan gjerne stå over natta.

Ha alle ingrediensane til pasjonsfrukt-og sitroncurd i ein tjukkbotna kjele og lat det stå på lav varme på plata, medan du heile tida rører i blandinga med ein visp. Lat det varme opp til det har tjukna ein god del utan at det kokar. Dette kan ta ca. 15-20 minutt. Kremen er ferdig når den dekker baksida på ein slikkepott, og vil stivne meir så snart den er kald. Hell over i eit reint og sterilt glas og avkjøl. I kjøleskap held den seg i ca. to veker.

Ha seterrømme og sukker i ein bolle og pisk det stivt. Dette kan ta nokre minutt. Då får du ein herleg og luftig krem med god og syrleg smak. Server pavlova med ein god klatt rømmekrem, pasjonsfrukt-curd og fersk pasjonsfruktsaft over. Hakk også opp litt pistasjnøtter og strø over toppen.

mat: Matspalta står på trykk kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Vikebladet Vestposten og Møre-Nytt. Foto: Privat