Skriving skal, etter rammeplanen, inn som fag i kulturskulen. I fyste omgang vert det i form av kortkurs som går over fem veker, lydande «Skapande skriving». Ingunn og rektor ved kulturskulen, Astrid Dagestad valte å endre kursnamnet til «Leik med ord».

– Det klingar litt betre syns vi. Og det er jo faktisk det som skjer når ein skriv historier – ein leikar med ord. Og no kan du lære alt som trengst for å skape dine eigne spanande forteljingar, smiler Ingunn.

Røyset har jobba som journalist i mange år. No er ho forfattar og har gjeve ut fleire bøker. Ho gler seg veldig til hausten.

– Vi skal storkose oss og lære mykje nytt. Eg greier knapt vente, ler ho.

Viktig med kompetanse

Ingunn fortel vidare at ho, i vår, deltek på kurs ved Norsk barnebokinstitutt i Oslo. Kurset er arrangert gjennom kulturskulerådet. Der vert ho kvalifisert til å kunne lære sin kunnskap vidare til barna.

–Eg har hatt mykje med barn og unge å gjere før, og er ikkje blank på det området, men det er viktig å gå kunne ha rett kompetanse i ryggen. Spesielt spanande har det vore å lære om poesi. Det har eg ikkje vore so mykje borti før, men eg ser at det veks i popularitet blant dei unge. Når du finn rette toneleiet i måten du les og skriv på, kan det gje same opplevinga som å høyre på musikk eller sjå på kunst, fortel Ingunn.

Ikkje som ekte skule

Astrid Dagestad fortel at dei er spente på responsen frå barna.

– For å delta bør du vere fylt 10 år. Blir det mange deltakarar og stort sprik i alder, vert det vurdert å dele opp i mindre grupper. Det er også viktig for meg å informere om at kurset ikkje må samanliknast med det å gå på ekte skule. Det er langt ifrå det same, fortel rektoren.

– Vi skal konsentrere oss om den kreative delen i ein skriveprosess, utan press om rettskriving og dobbel konsonant og alt slikt. Dessutan – Når vi skal gjere so mykje artig saman, kan vi ikkje henge oss opp i at alt skal vere korrekt utført, det har vi rett og slett ikkje tid til, ler Ingunn.