Den populære dramaserien på NRK vart sjåarfavoritten framfor toppkampen mellom Rosenborg og Molde på TV Norge søndag kveld, viser ferske sjåartal. Det skriv Aftenposten. (Ekstern lenkje).

388.000 TV-sjåarar fekk med seg episoden av «Heimebane», i tillegg til over 150.000 som har sett den via NRK sin videospelar på nett. Totalen er dermed nærmare 550.000 sjåarar totalt - så langt. Samstundes viser tala at "berre" 261.000 såg eliteseriekampen mellom Rosenborg og Molde.

«Heimebane», som har Ane Dahl Torp og John Carew i hovudrollene, har eit særs godt snitt på 517.000 sjåarar.