Prosessen med å vurdere bokbåten «Epos» si framtid er i gang.

– Inga avgjerd er tatt, men evaluering av tenesta går føre seg for å finne ut om den skal halde fram.

Det seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Ho opplyser at bakgrunnen for dette ligg i økonomiplanen for 2018- 2021, der det går fram at Møre og Romsdal fylkeskommune må gjere eit val om bokbåttenesta skal vidareførast, eller om det skal utviklast nye formidlingstiltak på bibliotekfeltet.

Ei orienteringssak om bokbåten var oppe til i Kultur- og folkehelseutvalet i februar, og der blir det varsla at sak om bokbåttenesta blir lagt fram for politikarane i utvalet på møte i mai.

– Arbeidet med å innhente informasjon om til dømes talet på anløp med bokbåten, besøkstal, målgruppe, kulturtilbod og effekt av denne bibliotektenesta er full gang. Eg kjem ikkje til å ta stilling til framtida til bokbåten før all slik informasjon ligg føre. Mi tilråding blir lagt fram til møtet i mai, opplyser Heidi-Iren Wedlog Olsen, som legg til.

– Vi må vere sikre på at vi har gode tenester som kjem innbyggarane i fylket til gode. For å kunne vite det gjennomfører vi evauleringsprosessar av ordningar som Den kulturelle skulesekken, Møremusikarane, Der kultur møtest og no av bokbåten «Epos». Det er sunt med slike evalueringar, for det gjer at tjestetilbodet er i utvikling, meiner ho.

Nedgang

I saksdokumentet fylkeskultursjefen la fram for kultur- og folkehelseutvalet i februar går det fram at det er nedgang i besøkstala for bokbåten, stoppestadene blir færre og at kulturtilbodet er meir ettertrakta enn å låne bøker.

Sunnmørsposten onsdag 11. april hadde Mobilis, ei gruppe som jobbar for mobile bibliotektenester i Norge, ei ytring på trykk der går fram at dei mellom anna meiner at saksframlegget til kulturutvalet i februar vart tekt fram grunnar for å legge ned bokbåten, utan at dei positive sidene ved dette tilbodet til folk i utkantstrok i særleg grad vart trekt fram.

– Kva seier du til det? Kva er ditt syn på framtida til bokbåten?

– Eg har ikkje lese innlegget du siktar til. I mi vurdering av bokbåten prøver eg å vere så balansert som råd. Samstundes som dette er viktig for å nå barn og unge med kultur og litteratur på mindre plassar, må eg vurdere det opp mot å gi eit godt kulturtilbod til fleire innbyggjarar i fylket, seier ho.

Denne saka er henta frå smp.no