Andreplass til Ulsteinvik skulekorps

Ulsteinvik skulekorps (arkivfoto).  Foto: Jorulf Myrene

Kultur

På Gomerhuset på Skodje har korpskonkurransen Nordvesten Møre og Romsdal 2018 for skulekorps vore gjennomført. Konkurransen var laurdag, og ein del av Tomra Ørskog festivalen.

Ulsteinvik skulekorps kom på andreplass i klassen 2. divisjon janitsjar, berre eitt poeng bak Larsgården skolekorps.

Kornettgruppa til Ulsteinvik skulekorps vart kåra til beste instrumentalgruppe.

Jette Hougaard Holstad er dirigent for korpset. Vikebladet Vestposten gratulerer!

Det er elles verdt å nemne at Gursken Skulekorps, dirigert av Julianne Hauge, kom på andreplass i brass tredjedivisjon og vart kåra til å ha det beste konsertprogrammet.