Som ulsteinvikar i Oslo-eksil nyt eg godt av ei rekkje kulturtilbod, tilbod eg kunne sjå langt etter då eg budde heime. Turar til Oslo, Volda (ja, Rokken har vore god lenge) og byar i utlandet hjelpte på i seine ungdomsår. Sjølv då eg budde i Ålesund, no for snart fem år sidan, sakna eg eit stabilt tilbod av konsertar og andre kulturtilbod. Sommarfestivalane var gode, men elles var det vilkårleg kva og kven som dukka opp.

Det er då med stor glede, både for min eigen del og for sunnmøringar flest, at eg har sett tilbodet bli betre dei siste åra. I Ålesund har dei fått ei glimrande konsertscene, Rokken held stand i Volda, samstundes som eg ved fleire høve har sett gode artistar ta turen til Ulsteinvik og Sjøborg.

Det gjer meg då litt trist å sjå kor få som vil ta turen når den kanskje beste livemusikaren i Noreg skal spele i Ulsteinvik. Eg reiser heim denne helga for å få med meg den første heimekampen til Hødd, men såg mitt snitt til å få sett Stein Torleif Bjella for snart tiande gong live. Eg var éin av mange i Noreg som "oppdaga" Bjella då han framførte låta "Heidersmenn" som avslutning på den heller sterke "Sint ung mann"-episoden av Trygdekontoret, nokre månader etter terrorangrepet 22. juli i 2011.

Eg fekk sett han live for første gong under Dei nynorske festspela i 2012. Etter det har det blitt minst éin Bjella-konsert i året – betre for kvar konsert. Han er éin av desse artistane du MÅ få med deg live. Du treng ikkje å ha høyrt gjennom albuma han har gjeve ut, du treng berre å lene deg tilbake og bli servert eit show frå den største visekunstnaren i dag, kombinert med nokre av dei beste musikarane i Noreg i dag.

Så her kjem nokre appellar til utvalde grupper menneske:

* Til deg, mann som elskar breidbeint rock: Bjella i seg sjølv ser til rock, blues og god country, men han har med seg Geir Sundstøl på gitar, steelgitar og munnspel! Fyren er den kanskje mest ettertrakta livemusikaren i Noreg, og den mest brukte studiomusikaren her i landet. Sundstøl transformerer pop til bluesrock i søvne. Eg har sett denne mannen gjere om den kjedelege Bjørn Eidsvåg-låta "Vertigo" til ein bluesrock-symfoni av dei sjeldne. Ålesundskjerringane på fremste rad i Parken i Ålesund forstod ikkje kva som trefte dei denne desemberkvelden i 2012.

* Til deg, ungdom som høyrer på musikk mor di meiner er bråk: Bjella har med seg Kenneth Kapstad på slagverk. Dette er den kanskje beste trommisen i Skandinavia. Han blei hyra inn av progflinkisane i Motorpsycho, skremmer bestemødre med Spidergawd, men glir glatt over til jazz, metal eller kva som helst anna sjanger utan å blunke. Eg såg ein langhåra, vaksen mann felle fleire tårer då han høyrde Kapstad saman med Motorpsycho under Midtsommerjazz i Ålesund i 2013.

* Til deg, mor eller bestemor som er glad i roleg musikk og kanskje eit dikt eller ti: Ingen skriv betre tekstar enn Bjella i Noreg i dag. Han er det næraste du kjem Leonard Cohen og Van Morrison på norsk. Han gav ut diktbok før jul, og han les som oftast eit dikt eller tre under konsertane sine. Om du, som kvinnene i mitt liv, er litt var for høge lydar: ta med deg eit par øyreproppar til dei meir rocka delane av konserten.

* Til deg, person som blei dregen med på Bjørn Eidsvåg-konsert for nokre år sidan litt motvillig: Du hugsar kanskje at konserten baud på litt meir enn kosete, halvkristen popmusikk? Ja, radiovenleg musikk, spelt av gode musikarar, blir ofte til strålande konsertopplevingar. Eg, mann (26), prøver å få med meg både Bjørn Eidsvåg, Odd Nordstoga og ei rekkje andre P1-folk éin gong i året. For sjølv om eg høyrer svært lite på artistane til dagleg, er musikken glimrande live.

Eg kunne heldt fram med flammande appellar, til snevrare og snevrare grupper av samfunnet, men eg trur de forstår teikninga. I godt over fem år har Bjella turnert med musikarar som dei fleste artistar i Noreg berre kan drøyme om. Musikarane elskar Bjella, anmeldarane elskar Bjella, teaterpublikummet elskar Bjella, forlaga elskar Bjella, mange unge elskar Bjella, og dei fleste som har opplevd han live likar det dei har sett og høyrt.

Så spørsmålet til alle på Søre Sunnmøre, venner, kjende og ukjende: Kva i alle dagar skal du i kveld som er viktigare enn den kanskje beste konsertopplevinga i Ulsteinvik i år?

PS! Stein Torleif Bjella brukar å lodde ut fruktkorg under konsertane sine. Når så skremmande få har valt å kjøpe billett, er sjansen større for at nettopp du skal få med deg fruktkorga heim.

Formanande, dømmande, oppmodande og venleg helsing,

Hans-Olav Rise

Her er skribenten på restauranten i Oslo som folk i dag ser som Ulsteinvik-restaurant på TV. Han er ikledd ein Stein Torleif Bjella-genser, passande nok, og har nokre timar før bildet blei tatt opplevd Bjella live i Oslo. Han orsakar for at augene er litt sløvare enn normalt, men festival-øl har same innverknad som øvrig alkohol. Foto: privat