Talet på besøkande ved Ulstein bibliotek har skote i vêret, ikkje berre i form av lånarar, men også av folk i ulike aldrar som nyttar lokala som ein stad å møtest.

– Eg vart aldeles sett ut då eg såg for eit fantastisk flott lokale dette nye biblioteket vart, fortel Hallgerd Conradi som tykkjer at Ulstein kommune har lukkast svært godt med visjonen om å skape ein trygg og uformell møtestad i sentrum.

Ville vere føre var

Noko av det som var nytt i høve til tidlegare, var at biblioteket vart ståande utan fast tilsyn i timane frå når dei tilsette gjekk heim for dagen og fram til stengetid for Ulstein Arena.

For Hallgerd Conradi handla det om å vere føre var.

– Eg tok innover meg at biblioteket skulle stå utan tilsyn i så mange timar kvar dag, og tenkte at her kan eg vere med å gjere noko. Heldigvis kjenner eg mange kjekke folk i Ulsteinvik og tok utgangspunkt i nokre e-postadresser for å starte opp denne gruppa som vi kallar bibliotekvenner, fortel ho.

Det synte seg at det var mange som ville vere med på dette, mellom andre Asbjørg Garshol som saman med Conradi utgjer ein slags administrativ duo for bibliotekvennene. I alt tel venneflokken rundt femti aktive.

Biblioteket er framleis ope nokre timar utan at verken bibliotekvenner eller tilsette er til stades, men dei to siste timane før byggjet stenger er ein eller to bibliotekvener på vakt, sju dagar i veka.

Garshol og Conradi understrekar at dei ikkje skal vere ei erstatning for dei bibliotektilsette:

– Det hender folk spør oss om ting som har med utlån av bøker og slikt å gjere. Då ber vi dei om å kome tilbake når bibliotekmedarbeidarane er på jobb, seier Asbjørg Garshol.

Handlar om å oppdra

– Du kan ikkje forvente at det skal vere knystande stilt på biblioteket, men dersom det vert mykje uro ber vi folk om å dempe seg. Og så oppmodar vi folk til å ta med seg rusket sitt før dei går derifrå, forklarer Conradi.

– Vi er framleis i oppstartsfasen, vi har hatt denne ordninga berre i to månader, så mykje er nytt både for oss og for brukarane av biblioteket. Difor handlar det også om å oppdra folk til korleis biblioteket skal brukast, seier Asbjørg Garshol.

Bibliotekvennene håper også at dei kan fungere som trygge vaksne for dei mange unge som samlast på biblioteket.

– Eg såg forresten nyleg ein ungdomsgjeng som sat i ein sofa og berre prata saman, utan at nokon sat og fikla med ein av desse evinnelege telefonane. Då kjende eg faktisk eit streif av lukke, smiler Conradi.

– Supert!

– Bibliotekvennene  er eit supert initiativ, seier biblioteksjef ved Ulstein bibliotek, Mona Iren Auganæs.

Ho tykkjer det er flott at folk allereie har fått ein eigarskap til biblioteket og at dei kjenner på at dette er deira sitt.

– Særleg no når alt er nytt og vi framleis er i ein innkøyringsfase er det fint å ha hjelp til korleis ein skal bruke biblioteket, seier ho.

– Det er elles gledeleg at vi har oppnådd det vi håpte, at biblioteket skulle vere ein møtestad. Særleg kjekt er det at så mange born og unge tek turen innom, seier biblioteksjefen.

Auganæs fortel at dei første månadane i nytt bygg har gått over all forventning for Ulstein bibliotek. Både talet på besøkande og utlånet av bøker har hatt ein formidabel auke.

– Dei to første månadene i år lånte vi til dømes ut 1300 fleire bøker enn i samme periode i fjor, seier Mona Iren Auganæs.