Fjelltrim-sesongen nærmar seg. Fleire idrettslag i Hareid og Ulstein har sine postar som vert plassert ut på fjelltoppar og andre stader i lokalmiljøet. Frå 1. mai vert også ti turmål i Ulstein med i Sunnmøre Friluftsråd sitt turtilbod "Stikk UT!". Ulstein vart, saman med Ørsta og Volda, medlem i friluftsrådet tidlegare i år. Sunnmøre Friluftsråd tel med dette i alt 13 medlemskommunar.

Sunnmøre Friluftsråd samarbeider med Nordmøre og Romsdal Friluftsråd om ei felles nettside der turgåarar kan registrere turane sine. Her kan du også finne informasjon om alle dei 381 turmåla som dei to friluftsråda har lagt inn på sidene sine. I veke 17 vert det også sendt ut eit kart til alle husstandane i medlemskommunane der desse turmåla er å finne.

- Vi håper brukarane vil oppleve at dei nye nettsidene gjer det enklare å finne nye turmål, registrere turar og skaffe seg nødvendig informasjon om Stikk UT!, seier May Britt Haukås og Ola Fremo, leiarane i Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.

Dei ti turmåla i Ulstein er Aursnesvatnet rundt, Blåtinden, Garnestua, Hoksteinen, Høgda på Eika, Høgåsen, Lisjenotten, Nibben, Osberget og Roppehornet.