Knut Strømsjordet kjem opphavleg frå Gjøvik-traktene, og i tillegg til dei sunnmørske kakeborda er korpsinteressa i distriktet noko som har imponert han etter at han flytta til Hareid i 2006.

Søndag var han konferansier under den årlege vårkonserten i Hareidhallen, der alle korpsa i Hareid er med.

Og det er eit imponerande syn å oppleve over hundre korpsmusikantar kome marsjerande inn til taktfaste trommer.

- Inkluderande og sosialt

Strømsjordet sit i styret i Hareid skulekorps og var også med i korps sjølv i oppveksten. Han har mange lovord å seie om korpsrørsla:

– Miljøet og det sosiale fellesskapet er godt. Korpsa er flinke til å inkludere kvarandre, uansett kva nivå ein måtte vere på, seier han.

Dei ungemusikantane i aspirantkorpset er heilt i starten av si musikalske karriere, og tittelen på opningsmelodien deira, «Let’s begin», høvde difor godt på fleire plan. Aspirantane vart dirigert av Wenche Roppen.

Denne vinteren har dei tre skulekorpsa hatt fellesøvingar, og kjempekorpset, som altså består av Bigset skulekorps, Hjørungavåg skulekorps og Hareid skulekorps, presenterte noko av det dei har øvd på, nemleg ei rekkje melodiar frå filmverda. Har var alt frå temaet frå Gudfaren til Pirates of the Caribbean og Summernights frå musikalen Grease. Her var mykje bra å høyre, ikkje minst frå felleskorpset sin rytmeseksjon.

Felleskorpset bidrog i to avdelingar, Anita Nøring dirigerte.

Bra nivå

Vaksenkorpsa på si side kunne varte opp med musikalske godbitar av høg klasse. Mellom annan framførte Musikklaget Melshorn ein medley av melodiar frå Beatles-albumet Sgt. Peppers Lonely Hearts Club Band som var svært lyttarvennleg.

Hjørungavåg Brass hadde også mykje vakkert på repertoaret, som til dømes «Staal himmel» av den skotske komponisten Alan Fernie. Det er Jette Hougaard Holstad som dirigerer Musikklaget Melshorn, medan Hjøriungavåg Brass har Svein Smørdal.

Konserten vart avslutta på same vis som han tok til, med eit fellesnummer der alle korpsa i Hareid tok del. Med tonane til «Norge i rødt, hvitt og blått», kunne publikum gå ut i vårkvelden i trygg visse om at korpsa er klare for sesongen.