Dette fotoet er både flekkete og til dels rive, men kvinnene på biletet er så sjarmerande at vi brukar det likevel. Rett muntre ser dei ut, så fotografen har truleg akkurat sagt noko morosamt.

Fotoet er frå tidleg 1970-tal, og kvinnene er frå Hareid, i radiusen Grimstad, Gjerde, Hareidsbrua og Ytre Hareid. «Gamle-foreininga» som ho etter kvart vart kalla, var tilknytt Norsk Misjonsselskap (NMS), som i alle fall tidlegare la ned eit stort arbeid på Madagaskar. NMS har i over 150 år drive misjonsarbeid på Madagaskar, og det er nærliggande å tru at kvinnene på bildet, når dei var samla til møte annakvar veke, strikka og sydde gjenstandar som skulle loddast ut til inntekt for NMS sitt misjonsarbeid der.

Rannveig Grimstad (snart 95 og ikkje med i foreininga), har hjelpt oss med namna. Framme frå v.: Josefine Jønsson, Selma Flø, Gusta Wolsdal, Kjellaug Grimstad, Paula Flø, Helga Brandal (truleg, ho har dessverre  fått ein prikk over andletet) og Marie Gjerde. Bak frå v.: Margrethe (Maggi) Howlid, Olga Grimstad, Petra Grimstad, Signe Grimstad, Marie Holstad, Dagny Grimstad, Ragnhild Kvangardsnes Brandal og Astrid Holstad.

Alle kvinnene har gått bort, men dei har utan tvil ytt sin skjerv til misjonen.